Døme på IMI-modellen
Kristendommen oppstod rundt personen Jesus frå Nasaret, som levde i eit jødisk-romersk samfunn. Tradisjonen for dei første kristne, dei religiøse institusjonane som allereie fanst, var jødiske institusjonar – sanhedrin (den høgaste domstolen) og rabbinarane. Intellektuelt var dei altså prega av jødisk religion, men også av gresk religion og filosofi.
Jesus frå Nasaret openberra seg for nokre få (dei næraste disiplane) som Messias, frelsaren som ifølgje jødisk tradisjon skulle frigjere jødane. Han utførte mirakel og gjorde eit stort inntrykk på folk rundt seg. Jesu mirakel kan sjåast som mystiske element ved religion, fordi funksjonen til mirakel er direkte erfaring og personleg overtyding. Særleg Jesu oppstode blir rekna som det viktigaste mirakelet, som sjølve provet på at Jesus var meir enn berre ein klok rabbinar.
Etter Jesu død blei det skrive mange tekstar om kven han eigentleg var, og kva han eigentleg meinte. Desse blei omsider samla i Det nye testamentet, og sett saman med Det gamle testamentet. Saman blei desse to tekstsamlingane til det vi i dag kjenner som den kristne Bibelen. På same tid blir det utarbeidd semje om ei truvedkjenning, det vil seie ein kortversjon av kva ein kristen trur på. Truvedkjenninga summerer opp dei viktigaste filosofiske prinsippa i kristen lære, og utgjer saman med Bibelen fundamentet for dei intellektuelle elementa i kristendommen.
Dermed går kristendommen frå å vere ei jødisk sekt til å bli ein heilt ny religion. Via samlinga av Bibelen og utarbeidinga av ei felles truvedkjenning, blir eit nytt verdsbilete og ei ny forståing av dei tradisjonelle jødiske skriftene fremja.
Seinare fekk eit av dei største kyrkjesamfunna, den katolske kyrkja, maktmonopol fordi ho blei det einaste tillatne kristne trussamfunnet i Romerriket. Dermed blei eit av dei viktigaste elementa som krevst for å vareta og sikre tradisjonen til ein religion, nemleg dei institusjonelle elementa, fastlagde i kristendommen. Den katolske kyrkja er ein av dei største og lengst varande organisasjonane i verda.
Buddhismen oppstod då Siddhartha Gautama fekk ei mystisk innsikt om verkelegheita sitt inste vesen via meditasjonstrening. Som mange andre religionar starta buddhismen med ei mystisk oppleving, her ei bestemt intens oppleving som forandra alt for Siddhartha, og som gav han tittelen Buddha, den oppvakna.
Buddha si samtid var prega av mange ulike religionar og filosofiske system, deriblant vedisk religion (tidleg hinduisme). Buddha vidareførte nokre sentrale tankar herfrå, slik som tanken om karma og samsara. Han reagerte på og kritiserte også andre deler av samtida sine religionar, til dømes kastesystemet og synet på den evige sjela (atman).
Dermed kan vi seie at Buddha kritiserte dei institusjonelle elementa (kastesystemet) og nokre av dei intellektuelle elementa (synet på sjela) ved den dominarende religionen i si tid. På same tid bringa han vidare nokre intellektuelle element (karma og samsara) og fokuserte mest på dei mystiske elementa (rett meditasjon som fører til ny innsikt).
Dei tidlegaste buddhistane starta deretter å organisere seg i klosterfellesskap (sangha), som raskt utvikla seg til å bli den viktigaste institusjonen for trening, undervisning og bevaring av den buddhistiske tradisjonen. Buddha sine talar og læra hans blei memorert og overlevert munnleg i sangahen.
Ettersom buddhismen vaks, blei det behov for å skrive ned Buddha sine talar og forteljingar om han, samt å avklare filosofiske ueinigheiter mellom buddhistane. Derfor blei det utvikla og skrive ned ei autoritativ tekstsamling – Tripitaka. Denne tekstsamlinga inneheldt filosofiske avhandlingar om buddhistisk lære (dharma), og blir dermed eit viktig instrument i utbygginga av eit intellektuelt system, eit buddhistisk verdsbilete. Forteljingane og talane til Buddha blir inspirasjonskjelde til buddhistisk etikk.
Vi ser altså at IMI-modellen fungerer bra som forklaring på utviklinga av buddhismen. Det startar med mystikken (Buddha og oppvakninga hans), fortset med utbygging av tradisjonsberande institusjonar (sangha), og einsrettast med utviklinga av ei heilskapleg buddhistisk lære (dharma).
IMI-modellen forklarer også utviklinga av kristendommen. Her startar det også med mystikken (Jesu mirakel og openberring), deretter følgjer systembygging og utvikling av kristen lære (truvedkjenninga og samlinga av den kristne Bibelen), og omsider får eitt bestemt kyrkjesamfunn politisk makt og sikrar dermed si institusjonelle overleving og blir ein viktig del av samfunnet (den katolske kyrkja blir statsreligion i Romerriket i 380).