Hopp til innhald

Fagstoff

Videoar og interaktive ressursar om jødedommen

Her har vi samla videoar og interaktive ressursar som handlar om ulike sider ved jødedommen. Under nokre av videoane er det lenker til oppgåver og relevante ressursar.

Video: Jeg er jøde

I denne videoen møter du tre jødar som fortel om forholdet sitt til jødedommen og den jødiske identiteten sin.

Video: Jødedommens historie

Videoen under gir eit kort samandrag av jødedommens historie.

NB! Det har snike seg inn ein feil i filmen (5:57). Det stemmer ikkje at ingen av partane i området godtok FN sin delingsplan i 1947. Sionistane og David Ben Gurion godtok i utgangspunktet planen og valde å erklære Israel som eigen stat, sjølv om palestinarane ikkje gjekk med på planen.

Artikkel: Jødedommen – opphav og utbreiing

Interaktiv synagoge

Her kan du utforske synagogen i Oslo. Ressursen bør opnast i fullskjerm-modus. Sett gjerne på lyd.

Artikkel: Jødedommen – estetiske uttrykk

Video: Forholdet til Gud

I jødedommen er forholdet til Gud heilt sentralt. Kva tenker ein buddhist om Gud? Jael og Nhu snakkar saman om dette og andre store spørsmål i ei lauvhytte under den jødiske lauvhyttefesten sukkot.

Oppgåve: Forholdet til Gud

Video: Religiøst liv

Jødiske Jael er på besøk hos hinduen Yuhashinee for å snakke om religiøst liv, høgtider og ritual. Dei er med på feiringa av lysfesten divali.

Oppgåve: Høgtider og ritual

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2023

Læringsressursar

Jødedommen