Hopp til innhald
Fagartikkel

Jødedommen – organisering

Familien og synagogen er dei to viktigaste institusjonane i det religiøse livet til ein jøde.

I tempelet si tid

Då tempelet i Jerusalem framleis eksisterte, var det jødiske religiøse livet sentrert rundt offer-rituala til prestane i tempelet. Presterolla gjekk i arv. Etter romarane si øydelegging av tempelet i 70 e.Kr., blei synagogen og heimen viktigare for gjennomføringa av ritual og feiringar. Prestane fekk derfor ei avgrensa betyding, men dei har framleis nokon formelle oppgåver i enkelte retningar.

Rabbinar

Jødedommen slik vi kjenner han i dag byggjer i stor grad på den rabbinske jødedommen som oppstod etter tempelet sitt fall. Rabbinarane, ekspertar på moselovene (skriftlærde), overtok no rolla som religiøse leiarar etter prestane, men i ei anna form. Deira oppgåver var ikkje knytte til rituala, men dei var religiøse rettleiarar, juristar, dommarar og fortolkarar av dei heilage skriftene.

I dei første hundreåra etter tempelet sitt fall gjorde rabbinarane eit stort arbeid med å tolke og kommentere Toraen, blant anna for å tilpasse religionen til den nye situasjonen utan tempelet. Gjennom dette arbeidet blei det produsert store mengder litteratur, blant anna Mishna og Talmud.

I Israel er framleis familielovgivinga underlagd rabbinarretten. Utanfor Israel – i diasporaen – har rabbinarene si rolle som juristar og dommarar forsvunne. Her er rabbinaren først og fremst ein rettleiar og lærar i religiøse og personlege spørsmål. Mange jødar bruker rabbinaren nærast som ein psykolog, parterapeut eller sosionom.

Å bli rabbinar krev lang utdanning – ikkje berre innan dei religiøse tekstane, men dei må også ha kunnskap om samfunn og kultur. Tradisjonelt har rabbinarane vore menn, men i dag kan også kvinner bli rabbinarar i ikkje-ortodokse forsamlingar.

Synagogen

Det fanst synagogar også i tempelet si tid. Synagogane oppstod truleg blant diasporajødar, kanskje allereie under Den babylonske fangenskapen på 500-talet f.Kr., då det første tempelet var øydelagd og mange jødar blei sende i eksil til Babylon. Etter det andre tempelet sitt fall i 70 e.Kr. voks synagogane fram som dei viktigaste religiøse møtestadene – også i Israel.

Synagogane er først og fremst ein stad for bøn og tekststudiar, men er også ein viktig sosial møtestad mange stader. Gudstenesta på sabbaten og delar av dei religiøse feiringane og høgtidsmarkeringane går føre seg her, men elles er hovudvekta av jødedommane sine ritual knytte til heimen.

Det er forsamlinga sjølv som styrer synagogen og det som skjer der. Rabbinaren deltek ofte med ei preike, men det er ingen oppgåver som er reserverte for rabbinaren. Rabbinaren er altså ingen prest. Forsangaren, kantoren, leiar bøna i gudstenesta. I enkelte forsamlingar kan kantoren ha fleire funksjonar og kan derfor minne meir om ein prest.

Familien og heimen

Hos praktiserande jødar er heimen sentrum for dei rituelle handlingane. Ritual knytte til sabbaten og forskjellige høgtider går i stor grad føre seg i heimen med familien samla. Fleire av dei rituelle handlingane er knytte til måltider, som sabbatsmåltidet på fredag kveld eller sedermåltidet under pesach.

I jødedommen har familien ein spesielt viktig funksjon som vidareførar av jødisk tradisjon og identitet. Dette heng blant anna saman med at jødane i lang tid har levd som ein minoritet under vanskelege forhold. Eit fokus på religion og jødisk identitet i familien og heimen har vore heilt avgjerande for jødedommen si overleving. I tillegg blir jødisk identitet knytt direkte til familien; den som er fødd av jødisk mor, blir rekna som jøde.

Viktige omgrep

  • rabbinsk jødedom
  • rabbinar
  • skriftlærd
  • rabbinarretten
  • diaspora
  • Den babylonske fangenskapen
  • kantor
  • sabbatsmåltid
  • sedermåltid