Oppgåve
Høgtider og ritual
Ein jøde er på besøk hos ein hindu for å snakke om religiøst liv, høgtider og ritual. Dei er med på feiringa av lysfesten divali.
Jødedommen og hinduismen kan i utgangspunktet verke som to svært ulike religionar. Kva er grunnen til det? Kan du tenkje deg noko dei to religionane har til felles?
Kva for likskapar og ulikskapar mellom dei to religionane kjem fram i videoen når det gjeld:
- bøn
- mat
- påkledning i tempel/synagoge
- førestillingar om Gud
- Undersøk: Finn informasjon om dei to lysfestane divali og hanukkah. Samanlikn desse høgtidene. Sjå til dømes på:
- bakgrunnen for dei to høgtidene
- formålet med rituala under høgtida
- betydninga av lyset som symbol
- bruken av estetiske element, til dømes gjenstandar, lyd, lukt og smak
- Yuhashinee tilhøyrer ei form for hinduisme som blir kalla bhakti. Bhakti betyr dyrking, og det viktigaste i det religiøse livet til Yuhashinee er å vise dyrking av og kjærleik til Gud. Kva vil du seie er det mest sentrale i det religiøse livet til ein jøde? Er det andre ting som blir vektlagde i jødedommen enn i hinduismen?