Hopp til innhald

Fagstoff

Jødedommen – høgtider og heilagdagar

Å delta i årets religiøse festar er ein viktig del av det å praktisere jødedommen, og viktig i jødisk kultur generelt. Gjennom festane minnast jødane si felles historie.
Fotografi som viser sabbatsbrødet, eit glas raudvin og to tente stearinlys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kviledagen – sabbaten

Sabbaten avsluttar ei arbeidsveke. Den peikar direkte tilbake på skapingssoga, der Gud skapar verda på seks dagar og kviler på den sjuande dagen. Sabbaten varar frå fredag kveld til laurdag føremiddag. Mishna – Den munnlege Toraen – regulerer kva ein jøde kan gjere under sabbaten, men den blir praktisert ulikt, avhengig av kva retning av jødedommen ein høyrer til.

Sabbaten byrjar med ei gudsteneste i synagoga. Her står resitering av tekstar frå Toraen sentralt. I synagoga må menn bere ein kippa for å vise respekt for det guddommelege. Kippa er ein liten hatt. Dei må også bere ein tallit, det vil seie eit bønesjal.

Ein kan ikkje gjere noko arbeid denne dagen. Alt dei skal setje i stand til sabbaten, må dei gjere på førehand, også maten. Sabbatreglane, i likskap med dei andre forpliktingane i jødedommen, gjeld for alle kvinner over 12 år og alle menn over 13 år.

Høgtider

Nyttårsfesten – rosh hashana

Nyttårsfesten går over to dagar i overgangen mellom september og oktober. Festen minner deltakarane om skapinga av jorda, men også om framtida. Rosh hashana handlar om både bot og betring. Det er viktig at ein før festen ordnar opp i gamle konfliktar og prøver å slette ei eventuell gjeld. Ein et søt mat som eit teikn på håp om eit godt år.

Forsoningsdagen – jom kippur

Oultraortodoks jødisk mann blæs i bukkehorn (shofar). Mannen er iført svart dress og hatt, og har lange krøllar ved øyra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jom kippur kjem ti dagar etter nyttårsfesten. Det er ei 25 timar lang faste. Viss jom kippur kjem samstundes med ein sabbat, må ein heller ikkje ete det som til vanleg blir servert under sabbaten. Igjen må ein ordne opp med vener og familie. Tanken er at viss du ikkje har gjort opp med familien din og andre som står deg nær, kan du ikkje ha ein god relasjon til Gud heller. Det er ei vanleg oppfatning at Gud på denne dagen kan bestemme det einskilde mennesket sin lagnad i det året som kjem.

Påskefesten – pesach

Pesach-feiringa byrjar 15. nisan (den første månaden i den jødiske kalenderen) og går føre seg i ei veke i mars-april. Pesach blir feira til minne om ferda frå Egypt. Toraen fortel at Moses truga den egyptiske faraoen med ei rekkje plager viss han ikkje ga dei lov til å reise frå landet. Etter kvar plage ga farao etter, for kort tid etterpå å angre på avgjerda.

Ordet Pesach kjem frå den tiande plaga. Moses truga faraoen med at alle førstefødde ville døy viss han ikkje sleppte jødane fri. For at døden ikkje skulle råke jødane sjølve, ga Moses folket sitt instruksjonar om eit måltid dei skulle ete ein særskild kveld. Eit lam skulle slaktast, og blodet til lammet skulle dei stryke på dørbjelken og dørstolpane. Då ville dødsengelen gå forbi huset og ikkje ta livet av den førstefødde guten der. Pesach er hebraisk for «gå forbi». Etter dette lét faraoen jødane dra. Han angra på det først då det jødiske folket, med Moses i spissen, var på veg over Raudehavet og inn i Sinai. Men då var det for seint. Jødane fekk fridomen sin og levde som nomadar i 40 år. Dette kan vi lese om i 2. Mosebok.

Bilde som viser dei symbolske rettane i eit jødisk seder-måltid. Ein bunke flatbrød, eit glas raudvin og tallerken med ulike matvarer er oppstilte på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det mest kjende ritualet under høgtida er sedermåltidet. Dette festmåltidet et dei heime med familien på seder-aftan, som innleiar påskeveka. Reglane for gjennomføringa av ritualet står nøye skildra i boka Haggada. Måltidet kan gå føre seg i fleire timar og er prega av song, tekstlesing, spørsmål og svar og matrettar med symbolsk betyding, som skal minne om jødane si historie.

Shavuot

Shavout blir feira 50 dagar etter påske. Festen blir heldt til minne om at Moses fekk lovtavlene med dei ti boda på Sinaifjellet. Dette er ein tradisjonell vårfest. Synagoga blir pynta med blomar og grøne kvistar. Festen er også knytt til takksemd for markens grøde. Før tempelet blei øydelagt, valfarta ein til tempelet for å gi gåver, frukt, grønsaker og brød. Shavuot var ein av tre pilgrimsfestar i Tempelet si tid, i tillegg til Pesach og Sukkot.

Løvhyttefesten – Sukkot

Telt pynta med greiner og dekte til måltid under lauvhyttefesten, sukkot. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dere skal bo i løvhytter i sju dager. Alle innfødte i Israel skal bo i løvhytter, for at deres etterkommere skal vite at jeg lot Israels barn bo i løvhytter da jeg førte dem ut av landet Egypt. Jeg er Herren deres Gud. (3 Mos 23, 42)

Dette er bakgrunnen for at jødar ei veke på hausten et måltida sine i ei hytte av kvistar og lauv. Sukkot er også ei markering av takksemd for den siste innhaustinga.

I videoen under fortel jødiske Yael om sukkot-feiringa og forholdet sitt til Gud. Ho har besøk av Nhu, som er buddhist.

Viktige omgrep

  • sabbat

  • rosh hashana

  • jom kippur

  • pesach

  • shavuot

  • sukkot

CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Eivind Sehested Zakariassen. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Jødedommen