Hopp til innhald
Fagartikkel

Jødedom – åndelegheit og oppleving

Jødedommen har ein lang tradisjon for opplevingsbasert åndelegheit. Dei jødiske profetane sine møte med det guddommelege og den mystiske kabbalaen til mellomalderen er kjende døme.

Hos praktiserande jødar er heimen sentrum for dei rituelle handlingane. Opplevingar av samhald og ritual knytte til sabbaten og ulike høgtider går i stor grad føre seg i heimen med familien samla. Slike opplevingar av samhald og tilhøyrsel kan i seg sjølv vere åndelege opplevingar for mange jødar.

Når det gjeld åndelege opplevingar i betydninga møte med det guddommelege, har jødedommen ein lang og variert tradisjon å vise til. Dei viktigaste døma på jødisk åndelegheit er profetisk jødedom, kabbala og hasidismen.

Profetisk jødedom

Den mest kjende jødiske profeten var Moses, profeten til profetane. Moses møter Gud på fjellet Sinai og får Tora, Moselova, den viktigaste delen av jødane sin bibel, direkte frå Abrahams Gud.

Ein av dei tre hovuddelane av den hebraiske bibelen, Neviim (Profetane), omhandlar dei gamle jødiske profetane. Nokre av desse blir beskrivne som å ha hatt kontakt med Gud, gjennom visjonar og teofanier (gudsopenberringar). Særleg kjent er profetane Jesajas og Esekiels møte med det guddommelege.

Jesaja får visjonar av Guds trone og serafane, englar med seks vengjer av flammar. Hos Esekiel framtrer visjonen av Gud som ei overveldande merkverdig tronvogn. Skildringane av Esekiels visjon av Guds vogn blir grunnlaget for ein gammal type jødisk åndelegheit kalla merkaba-mystikk (hebraisk for «vogn»). Denne typen jødisk åndelegheit mista popularitet i mellomalderen, samtidig som ein annan dukka opp.

Kabbala

Kabbala betyr «overlevering» på hebraisk og viser til den munnleg overleverte tradisjonen som skal ha blitt overført i løyndom blant spesielt utvalde fram til mellomalderen. Så dukkar nokre nye tekstar opp på 1200-talet, særleg den viktige boka Zohar («lysglansen»), og kabbala oppstår som den mystiske retninga innanfor jødedommen – dvs. retninga som fokuserer mest på korleis ein skal få kontakt med Gud.

Gudssynet blant kabbalistar er ofte meir abstrakt og utilgjengeleg enn Toraens Gud. Gud blir sett på som «den skjulte» samtidig som han er i alt. Guds feminine aspekt – Shekhina – blir òg vektlagd av kabbalistar. Etter kvart blir det ei deling mellom kabbalistar som fokuserer på teori og filosofi og andre som fokuserer på praksis og ekstase. Likt for alle kabbalistar er synet på at jødane sin bibel, Tanakh, berre kan forståast gjennom spesielle tolkingsmetodar som fører til skjult kunnskap om universet og Gud.

For å få kontakt med Gud bruker kabbalistar teknikkar som over Guds namn, , blanding av meditasjon og visualisering, ei rekkje ulike metodar for bøn både i fellesskap og aleine. Far til moderne kabbala, Isaac Luria (1534–1572), var som dei fleste kabbalistar rabbinar og den som systematiserte mange av dei religiøse øvingane nemnde over.

Hasidismen

På 1700-talet oppstår hasidismen i Aust-Europa, som er ei moderne form for jødisk mystikk som tek til seg mange element frå kabbala. Hasid betyr «from» og «gudfryktig.» Hasidiske jødar søkte gudskjærleik og gudserfaring gjennom dans, musikk og ekstatiske bøner. Teoretiske studiar av Tora blir nedprioritert, og det blir fokusert meir på begeistring og kjærleik til Gud. Gudstenestene blant hasidiar er derfor ofte meir prega av ekstase og fokus på det nære forholdet mellom Gud og medmenneske.

Leiarane for hasidiske grupper var stort sett ikkje lærde rabbinarar, men heller karismatiske lekmenn, som blir kalla tsadikkim («rettferdige»; eintal: tsaddik). Desse blei etter kvart sette på som bindeledd mellom menneske og Gud, som heilage menn. Hasidismen lever vidare i dag, særleg blant somme ultraortodokse jødar.

Utforsk

Bruk wikipedia og snl.no og undersøk kor mange hasidiske jødar det finst i dag. Undersøk òg kor mange ulike sekter det finst i hasidismen, og kva som skil desse.

Viktige omgrep

  • profetisk jødedom
  • kabbala
  • hasidismen
  • kontemplasjon
  • introspeksjon