Hopp til innhald

Fagstoff

Jødedommen – overgangsritar

Jødane si historie, Toraen, familien og det jødiske fellesskapet går som ein raud tråd gjennom dei ulike livsfasane i ein jøde sitt liv.
Ein guttebaby blir omskåret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Namngjeving og omskjering

Namngjevinga skjer ofte i synagoga, men kan også gå føre seg i heimen. Samstundes med namngjevinga blir nyfødde gutar omskorne. Omskjeringa er ei vidareføring av pakta mellom Gud og Abraham, og blir av mange difor oppfatta som ei av dei mest sentrale religiøse forpliktingane i jødedommen.

I Noreg tilbyr helsevesenet omskjering dersom guten samtykker. Små barn er ikkje i stand til å svare på om dei sjølve ønsker å bli omskorne. Då er det foreldra som samtykker. Det skal alltid vere ein lege til stades som har det medisinske ansvaret, og det skal bli brukt lokalbedøving.

Bar mitsva og bat mitsva

Gutane sin bar mitsva og jentene sin bat mitsva blir gjerne samanlikna med den kristne konfirmasjonen. Ordet konfirmasjon passar derimot ikkje i jødedommen, sidan det ikkje er noko som skal bli konfirmert eller stadfesta i samband med bar eller bat mitsva.

Frå eit jødisk perspektiv er det også problematisk å kalle det eit overgangsrituale, sidan det ikkje er gjennom ritualet ein går inn i ein ny fase i livet. Jødiske jenter blir uansett bat mitsva, dotter av plikt, når dei fyller 12 år, og jødiske gutar blir bar mitsva, son av plikt, når de fyller 13 år. Dette betyr at ein frå denne alderen forpliktar seg til å følgje retningslinjene i Toraen. Det er vanleg at ein førebur seg til dette ved at ein studerer Toraen.

Overgangen blir også som regel markert ved at ein les høgt frå Toraen i synagoga og held eit føredrag. Etterpå har ein eit festmåltid i synagoga.

Ekteskap

Jødisk brudepar står under ein baldakin og ser på rabbinaren som held opp eit glas vin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Familien er sentral i jødisk kultur. Derfor er det å gifte seg ein naturleg del av livet for dei fleste jødar. Føremålet med ekteskapet er framom alt å få barn. Elles er det ein del forskjellar på ulike retningar når det gjeld syn på arrangert ekteskap, likestilling i ekteskapet, seksualitet, prevensjon, abort, seksuell legning, skilsmisse og ekteskap med ikkje-jødar.

Sjølve bryllaupsseremonien finst også i mange utgåver, men det er vanleg at den blir leidd av ein rabbinar, og at viinga skjer under ein baldakin. Baldakinen skal symbolisere brureparet sin intimitet, men samstundes viser dei opne veggane at paret er del av eit fellesskap. Også under dette ritualet minnast dei jødisk historie gjennom at brudgomen knuser eit glas under hælen til minne om øydelegginga av tempelet i Jerusalem. Etter seremonien har dei ein stor fest for paret.

Død og gravferd

Jødisk gravstein med Davidstjerne. På gravsteinen ligg det små steinar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den døyande skal bli behandla med den største respekt, og det er vanleg å vake både hos den døyande og over den døde. Den døyande seier truvedkjenninga og syndsvedkjenninga. Etter døden blir den døde vaska og stelt og sveipt i eit handsydd, kvitt klede.

Helst skal den døde ha litt jord frå Israel under hovudet. Dei pårørande skal ha moglegheit til ei stund med andakt ved senga til den døde. Kista skal vere enkel. Gravferda skal finne stad raskast mogleg ut frå trua på lekamleg oppstode – å stå opp frå dei døde. Kremering er ikkje tillate, fordi «mennesket er kommet fra jord og skal vende tilbake til jord».

I gravferda les ein nær pårørande kaddisj (lovprisingsbøna), og etter gravferda blir familien samla til sjiva (ei veke med sørgjeperiode). I Noreg har jødane eigne gravplassar i Oslo og Trondheim.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Birgit Flaten og Clemens Saers. Rettshavarar: Kommuneforlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Jødedommen