Jødedommen – retningar
Jødedom finst i ulike utgåver. Desse kan ta form som ulike retningar med åtskilde institusjonar som ikkje har noko særleg med kvarandre å gjere, men dei kan også leve side om side i same trussamfunn. Slik er det gjerne i land med få jødar, som for eksempel i Noreg. I Oslo definerer trussamfunet seg som ortodokst, men har medlemmar som er konservative og reformerte jødar. Skiljet mellom desse tre formene av jødedom går tilbake til 1700- og 1800-talet.
Ortodoks betyr rettruande og blei i jødisk samanheng først brukt om dei jødane som var negative til nye tankar som oppstod i opplysningstidas Europa på 1700-talet. Ortodoks jødedom omfattar i dag fleire former for jødedom. For alle gjeld det at Toraen er guddommeleg og lova skal følgjast.
Ny-ortodokse jødar tillet ei viss grad av tilpassing til det moderne samfunnet og integrering i ikkje-jødiske kulturar. Eksempel på dette er språk, klesdrakt, utdanning og yrkesval. I den andre enden av skalaen innan jødisk ortodoksi finn vi dei ultraortodokse. Dei blir også kalla haredi, eller «dei som fryktar Gud». Deira slagord er: «Alt som er nytt, er forbode i Toraen.» Som ein konsekvens av dette lever dei ofte i eigne gettoar, det vil seie isolerte samfunn. Her har dei sine eigne skular, aviser og domstolar.
I dagens Israel reknar vi med at 12 prosent av den jødiske befolkninga tilhøyrer denne gruppa. Dei snakkar ofte jiddisch, eit blandingsspråk av tysk og hebraisk. Klesdrakta deira er inspirert frå Tyskland og Polen på 1700-talet. Mennene har to lange hårlokkar bak øyra. Grunnen til det er dette påbodet i Toraen: «De skal ikkje runde av håret på sidene og rake skjegget i kantane.» «Runde» tolkar dei ultraortodokse jødane som at dei ikkje kan trimme håret med barberkniv, pinsett eller liknande. Men det er tillete å bruke saks.
Opplysningstidas tankar om fridom, likskap og brorskap fekk også betydning for jødedommen i Europa. I Tyskland danna det seg ei reformrørsle på byrjinga av 1800-talet som bygde på desse ideala.
Reformerte jødar meiner at dei religiøse forpliktingane er ei personleg sak som kvar enkelt kan følgje på sin måte, men dei mellommenneskelege pliktene må overhaldast. Det å vere ein god jøde handlar meir om å vere rettferdig og vise medmenneskelegdom enn å følgje dei religiøse reglane. Derfor er det stor forskjell på den religiøse praksisen blant reformerte jødar. Somme overheld etereglar og reglane rundt sabbaten, mens andre gjer dette berre delvis eller ikkje i det heile teke.
I ortodoks jødedom er stillinga som rabbinar berre for menn, og kvinner sit åtskilde frå menn i synagogen. I reformerte synagogar sit familien saman, og den første kvinnelege rabbinaren blei ordinert i 1935. Reformjødedom er først og fremst stor i USA. Denne forma for jødedom har hatt noko tilbakegang den siste tida. Noko av grunnen til dette er at dei opnar for ekteskap med ikkje-jødar. Barna vil dermed ofte ikkje rekne seg som jødar. I tillegg viser statistikken at reformjødar får færre barn enn ortodokse og konservative jødar.
Den konservative jødedommen er ei rørsle som oppstod i Tyskland på midten av 1800-talet som ein reaksjon på den reformerte jødedommen og er i dag spesielt stor i USA. Dei konservative anerkjenner at religionen må tilpasse seg det samfunnet dei lever i, og dei har eit kritisk syn på eiga historie og tradisjon. I likskap med dei ortodokse meiner dei konservative at jødar har ei forplikting til å følgje lova gitt av Gud, men på same tid meiner dei at denne lova må tolkast inn i ein moderne kontekst og ikkje forståast bokstaveleg.
Dei konservative meiner at sjølv om dei hellige skriftene har eit guddommeleg opphav, har dei blitt skrivne ned og blitt redigerte av menneske. Derfor er det mogleg å vere meir kritisk til tekstane og sjå på dei som levande dokument som kan tolkast ulikt til ulike tider og i ulike samanhengar.
Ein person er tradisjonelt rekna som jøde viss mora er jødisk. Det finst jødar som er stolte av tilhøyrsla si til jødedommen, men som avviser at Gud eksisterer. Det er altså ingen automatisk samanheng mellom det å vere truande jøde og det å kjenne tilhøyrsle til det jødiske fellesskapet. Ein jøde som ikkje trur og ikkje følgjer religiøs praksis, blir gjerne kalla for ein sekulær jøde. Det å vere jøde handlar for mange om religion, mens for andre kan det handle meir om identitet knytt til det å tilhøyre eit folk, landet Israel, det hebraiske språket eller jødiske tradisjonar.
Viktige omgrep
- ortodoks jødedom
- ultraortodoks jødedom
- reformjødedom
- konservativ jødedom
- sekulær jøde