Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn dultar i nærmiljøet

No som du har lært kva dulting er, skal du få prøve å finne dultar i nærmiljøet ditt. Klarer du å finne døme på alle dei ulike typane av dultar?
Eit sykkelstativ med tak med nokre syklar parkerte under. Det er vinter og snø på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva må de ut av klasserommet. De skal jakte på ulike typar dultar i nærmiljøet dykkar. Læraren kan avgjere om de berre skal ta for dykk dultar på skulen, eller om de skal gå lenger ut i nærmiljøet til skulen i jakta.

1. Repeter!

Repeter dei ulike typane dultar som blei presenterte i artikkelen om kva dulting er.

2. Gå på jakt!

Bli einige om kor lang tid de skal bruke ute.

  • Gå på jakt på skulen eller i nærmiljøet.

  • Prøv å finne døme på alle dei fire ulike typane dultar.

  • Dokumenter dultane de finn, gjerne med å ta bilete.

  • De kan dele dultane de finn undervegs, til dømes gjennom den digitale plattforma til skulen.

3. Del og diskuter!

Avslutt felles i klassen.

  • Del nokre av dultane de har funne.

  • Bruk definisjonen under, og diskuter om det de har funne, kan definerast som dultar. Kvifor, eller kvifor ikkje?

  • Diskuter kva kategori dultane høyrer heime i.

Definisjonen på ein dult:

Ein dult er når ein endrar eller formar ut valarkitekturen slik at det blir enklare for oss å ta objektivt sett betre val, utan økonomiske insentiv og utan å ta bort valmoglegheiter.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2022

Læringsressursar

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg