Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan du kutte i klimafotavtrykket ditt?

Kva er klimafotavtrykket ditt, og er det noko du er villig til å endre på for å få ned utsleppa av klimagassar?
Lupe som forstørrar eitt av mange fotavtrykk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For at verda skal bli berekraftig, krevst det store endringar. Mange av desse endringane er store systemendringar. Vi må til dømes endre energiproduksjonen i verda. Slike store systemendringar kan ikkje vi som enkeltpersonar gjere så mykje med, anna enn å påverke kven som skal styre landet. Men det er òg endringar vi som enkeltpersonar kan gjere, og det kan påverke oss sjølv og dei rundt oss. Det vil òg sende eit signal til dei som styrer.

Kva er klimafotavtrykket ditt i dag? Og er det nokon endringar du er villig til å gjere for å få ned klimafotavtrykket?

Nordmenns klimafotavtrykk

Nordmenn har i snitt eit klimafotavtrykk på litt over 11 tonn CO2-ekvivalentar i året. Under ser du ei oversikt over klimafotavtrykket vårt fordelt på ulike kategoriar. Hugs at kva kategoriar vi vel å dele inn i, har noko å seie for korleis resultatet ser ut. Viss du trykker på ein av kategoriane i den inste sirkelen, får du betre oversikt over fordelinga i den kategorien.

Diskuter med ein medelev:

  1. Var denne fordelinga mellom ulike kategoriar som forventa, eller var det noko her som overraska deg?

  2. Er det nokon kategoriar du trur du har høgare klimafotavtrykk i enn gjennomsnittet?

  3. Er det nokon kategoriar du trur du har lågare klimafotavtrykk i enn gjennomsnittet?

  4. Kva for nokre av desse områda kan du påverke i størst grad? Korleis?

  5. Er det nokon av desse områda du som enkeltperson ikkje kan påverke i noka særleg grad? Kvifor?

Undersøk ditt eige klimafotavtrykk

Undersøk det personlege klimafotavtrykket ditt. Den enklaste måten å gjere det på, er å bruke ein av desse kalkulatorane:

Eit anna alternativ er å sjå på enkeltområde av forbruket ditt og undersøke kor store klimagassutslepp desse skaper. Då må du prøve å finne gode kjelder på nett, eller du kan ta utgangspunkt i artikkelen "21 klimafotavtrykk av forbruket vårt" i Framtiden i våre hender.

  1. Omtrent kor stort er klimafotavtrykket ditt i dag?

  2. Kom med tre døme på korleis du kan redusere klimafotavtrykket ditt. Klarer du å finne ut kor store utslepp du kan spare?

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg