Hopp til innhald

Fagstoff

Klimadulting

Dulting kan brukast for å hjelpe folk til å ta betre val i kvardagen. Det kan til dømes brukast i samband med kosthald og helse, men det kan også brukast for å hjelpe folk til å ta meir klimavennlege val. No skal vi sjå litt nærare på klimadulting.
Ein skrivar med ei teikning på veggen over. På teikninga er ulike dyr og teksten "ikkje ta skogen vår". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klima- og berekraftsdulting

Noreg og nordmenn treng å endre åtferd for at levemåten vår skal bli berekraftig. Ein måte å bidra til dette på er gjennom å bruke dulting. Dette verkemiddelet blir allereie brukt i mange kommunar, og fleire miljøorganisasjonar bidreg til dette. Klimapsykolog Per Espen Stoknes meiner målet må vere at "vi skal gjere klimavennlege val så enkle at vi ikkje kan motstå dei".

Diskuter med ein medelev: Er det noko klima- og miljøvennleg du kunne ha gjort meir av ved hjelp av ein liten dult?

Tvang, pengar eller ein liten dult?

Det er ikkje lett å endre samfunnet. Men om levemåten til nordmenn skal bli berekraftig, må vi endre oss. Det finst fleire verkemiddel for å styre samfunnet. Desse kan vi dele inn i tre kategoriar:

  1. Lover og reglar

  2. Økonomiske insentiv

  3. Dulting

EU har vedteke eit forbod mot sal av fossilbilar frå 2035 og eit påbod om etterisolering av gamle hus innan 2030. Dette er døme på lover og reglar som blir brukte for å gjere oss meir berekraftige.

Då elbilane blei populære i Noreg utover på 2010-talet, hang dette saman med økonomiske insentiv. Dei som kjøpte elbil, slapp å betale moms, fekk betale mindre ved bompasseringar og kunne ta ferja gratis fleire stader. Dette er døme på økonomiske insentiv som bidrog til ei endring i forbrukaråtferd.

Dulting kan også vere ein måte å gjere oss meir klimavennlege på. Med dulting prøver vi å hjelpe folk med å ta betre val, utan forbod, påbod eller økonomiske insentiv. Dulting handlar i denne samanhengen om å gjere det enklare for oss å ta klimavennlege val.

Tidlegare president i USA, Barack Obama, tilsette ein av dei som har jobba mest med dulting, Cass Sunstein, i administrasjonen sin då han var president i USA. Obama ville bruke kunnskapen til Sunstein om dulting til å hjelpe det amerikanske folket med å ta betre val knytt til utdanning, helse og klima.

Også i Noreg bruker både kommunar, fylkeskommunar og staten dulting for å hjelpe folk til å ta betre val, også knytt til klima. Det er viktig at dultane ikkje tek bort valfridommen til folk. Vi må framleis få lov til å velje handlingane våre sjølv. Når staten og kommunen skal bruke dulting, er det også viktig at det er transparent. Det betyr at det må komme tydeleg fram at staten eller kommunen no prøver å endre åtferda til folk, og kvifor. Staten og kommunen må ikkje prøve å lure folk til å ta klimavennlege val viss ikkje folk ønsker det sjølv. Derfor må styresmaktene vere opne om dei dultane dei bruker.

Kjelder

Hohle, S. M. & Nilsen, M. (2020). Webinar: Nudging og kommunikasjon i klimaarbeidet. Miljødirektoratet. https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/2020/juni-2020/nudging-og-kommunikasjon-i-klimaarbeidet/

Stoknes, P. E. (2017). Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming. Tiden Norsk Forlag.

Sunstein, C. (2014). Nudging: A Very Short Guide. Journal of Consumer Policy, 37(4), 583–588. http://doi.org/10.1007/s10603-014-9273-1

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022

Læringsressursar

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg