Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dult deg sjølv

I denne oppgåva skal du prøve å dulte deg sjølv slik at du tek betre val i kvardagen.
Ein ung mann lenka til ein stor mobiltelefon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No skal du hjelpe deg sjølv til å ta betre val i kvardagen. Du skal dulte deg sjølv. Dulten kan dreie seg om val knytt til økonomi, skulearbeid, helse, klima, miljø, berekraft eller søvn. For å løyse denne oppgåva bør du ha lese artikkelen "Kva er dulting?".

Korleis lage ein dult?

Følg gjerne denne oppskrifta når du skal lage dulten din:

  • Finn eit bestemt område der du ønsker å ta betre val i kvardagen.

  • Kva er det som hindrar deg i å ta gode val i dag?

  • I kva situasjon tek du valet eller vala?

  • Korleis kan du endre valarkitekturen slik at du tek betre val?

  • Gjer dei nødvendige endringane. Prøv dette i ein periode, og evaluer i ettertid om det hjelpte eller ikkje.

Gjennomføring, deling og evaluering

Gjennomfør dulten din på deg sjølv, og ta gjerne nokre bilete som viser kva du har gjort. Førebu deg på å presentere dulten din for ei mindre gruppe i klassen. Bruk bileta du har teke, og sei noko om:

  • Kva var det du ønskte å endre?

  • Kva gjorde du med valarkitekturen?

  • Fungerte dulten? Kvifor, eller kvifor ikkje?

Døme

Nina slit med å konsentrere seg om skulearbeidet på ettermiddagen. Ho veit ho lett blir forstyrra av mobiltelefonen, og endar fort opp med å trykke på mobilen framfor å lese til prøver. Nina veit at det at mobilen ligg ved sida av henne, gjer det vanskeleg å la vere å sjå på han når det kjem eit nytt varsel på skjermen. Ho vil derfor prøve å dulte seg sjølv ved å legge mobilen i eit anna rom når ho skal jobbe med skulearbeidet. For å påskjønne seg sjølv set ho på alarm på telefonen etter 25 minutt. Når alarmen ringer, kan ho hente telefonen og ta ti minutt pause. Ho gjennomfører dette i nokre dagar, og vurderer effekten av dulten etterpå.

Tips til læraren

Viss de har lite tid, kan det vere eit alternativ å berre lage ein tenkt dult, utan å gjennomføre han.

Når elevane skal presentere for kvarandre, kan det vere fint å sitje i mindre grupper. Etter at elevane har presentert for kvarandre i grupper, kan de ta fram nokre døme i plenum. Då kan de gjerne også diskutere kva type dult dette er, så lenge de har sett på dei ulike typane dultar på førehand.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg