Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor gjer vi så lite med klimaendringane?

Vi veit at klimaendringane er menneskeskapte, og at samfunnet må endrast. Kvifor gjer vi likevel så lite?
Ein plakat med ein brennande jordklode og teksten "There's no planet b!". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å hindre for stor oppvarming av jordkloden må samfunnet endrast. Det skjer gradvise og mange positive endringar. Likevel kan vi ofte føle at det skjer for lite, og at det går for seint. Kvifor gjer vi så lite når vi veit så mykje om klimaendringane?

Klimapsykolog og BI-professor Per Espen Stoknes har mellom anna skrive boka "Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming". Han kjem med fem ulike utfordringar som gjer det vanskeleg for oss å handle, sjølv om vi veit mykje om klimaendringane.

I denne oppgåva skal de bruke puslespelmetoden, eller jigsaw-metoden, som blei utvikla av Elliot Aronson på 70-talet. Du kan lese meir om jigsaw-metoden på jigsaw.org.

Førebuingar

  • Del dykk inn i basisgrupper på fem elevar. Viss det ikkje går opp, kan det vere fleire i nokon av gruppene, men ikkje færre. Er det fleire enn fem elevar på gruppa, må to elevar jobbe med den same utfordringa.

  • Fordel utfordringane i videoane under på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvar si utfordring.

Ekspert 1: Distanse
Ekspert 2: Dommedag
Ekspert 3: Dissonans
Ekspert 4: Fornekting
Ekspert 5: Identitet

Individuelt arbeid

Jobb individuelt i 20 minutt. Sjå videoen om utfordringa di, og prøv å forstå kva Stoknes meiner. Kom gjerne med eigne døme på utfordringa di, og gjerne dagsaktuelle døme. Du kan også prøve å knyte dette til kvardagen din – korleis angår dette deg? Bruk gjerne andre kjelder enn videoen viss du får ekstra tid.

Ekspertgrupper

Set dykk saman i ekspertgrupper. Dei som har fordjupa seg i den same utfordringa, skal no sitje saman og jobbe 10 minutt. Del det de har funne ut, med kvarandre. Hjelp kvarandre til å forstå, og bli einige om kva som er det viktigaste med utfordringa dykkar. Del gjerne døma også, og sjå om de finn nokre felles døme som alle forstår, og som også vil vere enkle for medelevane dykkar å forstå. Førebu dykk på korleis de skal presentere utfordringa dykkar for basisgruppa.

Deling og diskusjon

Set dykk tilbake i basisgruppene, og presenter dei ulike utfordringane for kvarandre. Presenter gjerne i den oppsette rekkefølga. Kvar ekspert får 3–4 minutt til å presentere.

Diskuter i gruppa. Bruk 4–5 minutt per spørsmål:

  1. Kan de kjenne dykk igjen i dei ulike utfordringane? Kvifor eller kvifor ikkje?

  2. Kva for nokre av desse utfordringane meiner de er viktigast?

  3. Bli einige om ei rangering av utfordringane frå den vanskelegaste utfordringa til den enklaste.

  4. Prøv å komme på tre andre grunnar til at vi ikkje gjer meir, sjølv om vi veit at klimaendringane må bremsast.

Viss det blir tid, er det fint å samanfatte felles i klassen til slutt.

Kjelder:

Stoknes, P. E. (2017). Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming. Tiden.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg