Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Dult skulen meir klimavennleg

CC BY-NC-SA

Læringsstien består av ulike delar knytte til dulting. Til slutt skal de gjennomføre ei større oppgåve, der de skal forsøke å dulte skulen til å bli meir klimavennleg.

De skal

  • forstå kva dulting (nudging) er, og korleis dette kan brukast for å påverke åtferda vår
  • kunne finne døme på dulting i nærmiljøet dykkar i dag
  • gjere noko med klimautfordringane gjennom å dulte skulen, slik at han blir meir klimavennleg

Denne læringsstien er tverrfagleg og er knytt til det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling. Her skal de knyte dulting til klima og bruke dulting for å gjere skulen meir klimavennleg. Dulting kan òg brukast i andre samanhengar, og det kan vere fint å bruke det i andre fag òg. Det vil òg vere fullt mogleg å bruke dulting til å gjere skulen meir berekraftig (og ikkje berre meir klimavennleg).