Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Dult skulen klimavennleg

Fagartikkel

Noreg sine og mine klimagassutslepp

Korleis reknar vi ut Noreg sine klimagassutslepp, og kva blir inkludert i klimarekneskapen? Og korleis kan eg finne ut kva klimagassutsleppet mitt er?

Territoriale utslepp

Når vi snakkar om Noreg sine klimagassutslepp, siktar vi som regel til territoriale utslepp. Det vil seie utslepp som skjer i Noreg. Når vi produserer olje og gass, fører sjølve produksjonen til utslepp av klimagassar. Faktisk er denne produksjonen den største kjelde vår til utslepp av klimagassar. Likevel er utsleppa som er knytt til produksjonen, berre småtteri samanlikna med utsleppa frå når oljen og gassen blir forbrunnen for å lage energi. Sidan vi ikkje bruker vår eigen olje og gass, men sel han til utlandet, blir ikkje desse utsleppa rekna inn blant Noreg sine klimagassutslepp.

CO2-ekvivalentar

For å få med fleire klimagassar enn berre CO2 blir no ofte CO2-ekvivalentar (CO2e) oppgitte i klimarekneskap. Andre klimagassar verkar over kortare eller lengre tid og har anten større eller mindre effekt per eining samanlikna med CO2. Derfor blir desse klimagassane rekna om til tilsvarande verdiar som CO2 og kalla for CO2-ekvivalentar. På den måten får vi eitt enkelt mål på klimagassutslepp, der fleire klimagassar enn berre CO2 er rekna inn.

Territoriale utslepp er ein utrekningsmåte for utslepp, som leiarane i verda har gått saman om å lage. Dette er ein nyttig måte å rekne på, for det gjer at vi enkelt kan samanlikne land sine utslepp og følge utviklinga i ulike land. I tillegg er det dei territoriale utsleppa det er enklast å gjere noko med for kvart enkelt land. Ulempa med å berre tenke på dei territoriale utsleppa er at det nødvendigvis ikkje er dei utsleppa du og eg kan gjere så mykje med. I tillegg er det ikkje alle utslepp som blir rekna med når vi reknar på denne måten. Internasjonal flytrafikk og internasjonal sjøfart blir til dømes ikkje rekna inn i nokon land sine territoriale utslepp.

Tenk etter:

Viss målet er å få ned klimagassutsleppa i verda, kva fordelar ser du ved å bruke territoriale utslepp som ein standard måte å rekne på?

Finst det nokon utfordringar knytt til denne måten å rekne utslepp på?

Klimafotavtrykk – mitt og ditt utslepp

Ein annan måte å måle utslepp på er å sjå på utsleppa knytt til forbruket vårt. Dette blir kalla forbruksbaserte utslepp eller klimafotavtrykket vårt. I denne utrekninga vil flyreisene våre til utlandet telje inn. Det vil også produksjonen av den T-skjorta du kjøpte på nettet, som blei produsert i Bangladesh. Og den nye mobiltelefonen du kjøpte, som har vore innom veldig mange land gjennom produksjonskjeda.

Kva er klimafotavtrykket til nordmenn?

Klimafotavtrykk kan vi også finne statistikk for. Då finn vi oftast gjennomsnittet i eit land. Vi har ingen eigen offentleg statistikk for klimafotavtrykket til Noreg og nordmenn i dag. Derfor må vi basere oss på større internasjonale rapportar for å komme fram til dette.

Men det er gjort undersøkingar av klimafotavtrykket til norske hushaldningar for enkeltår. Med utgangspunkt i tal frå 2017 laga Steen-Olsen mfl. i 2021 ein rapport for Framtiden i våre hender om klimafotavtrykket til nordmenn. Denne viser at nordmenn har eit klimafotavtrykk på 11,1 tonn CO2-ekvivalentar i gjennomsnitt. I figuren under ser du fordelinga av desse utsleppa i ulike kategoriar. Det er viktig å merke seg at dei rikaste ti prosentane har omtrent det dobbelte av dette, mens dei fattigaste ti prosentane har omtrent halvparten. Du kan trykke på dei ulike kategoriane i figuren for å sjå nærare på fordelinga innanfor kvar kategori.

Dei største utsleppa kjem frå den offentlege sektoren. Desse utsleppa er mellom anna knytt til barnehagar, skular, helsetenester, veg og annan infrastruktur. Det er ikkje så mykje vi som enkeltpersonar kan gjere direkte med desse utsleppa, for ofte handlar det om politiske avgjerder. Derimot er det mykje vi som enkeltpersonar kan gjere i dei andre kategoriane for å få ned klimafotavtrykket vårt.

Kva er klimafotavtrykket mitt?

Viss du vil sjå nærare på det personlege klimafotavtrykket ditt, finst det ulike måtar å undersøke dette på. Det finst ingen metode som er heilt perfekt, og det er vanskeleg å bestemme kva som skal teljast med i rekneskapen og ikkje. Men det finst nokre klimakalkulatorar der du kan legge inn litt informasjon om deg sjølv og få eit ganske godt overslag på kva klimagassutsleppet ditt er. Desse kalkulatorane kan vere gode verktøy å bruke om du ønsker å gjere endringar i vanane dine for å få ned klimafotavtrykket ditt.

Under finn du tre ulike kalkulatorar du kan bruke for å finne klimafotavtrykket ditt. Slike kalkulatorar har sine avgrensingar, men dei gir ein god peikepinn. Og viss du bruker den same kalkulatoren over tid, kan du sjå effekten av dei endringane du eventuelt gjennomfører.

Forskjellen på økologisk fotavtrykk og klimafotavtrykk

Dei to omgrepa økologisk fotavtrykk og klimafotavtrykk blir brukte litt om kvarandre. Dei heng saman, men måler eigentleg ulike ting. Det økologiske fotavtrykket ditt handlar om kor store naturressursar forbruket ditt krev. Det er knytt til natur og miljø, og ikkje til klima. Det økologiske fotavtrykket blir derfor vanlegvis oppgitt i kor stort landområde med natur forbruket ditt krev. Klimafotavtrykket handlar også om oss som individ, men handlar altså om kor store klimagassutslepp forbruket vårt fører til.

Kva måte å måle utslepp på er mest rettferdig?

For Noreg sin del er territoriale utslepp ein gunstig måte å måle på, for forbruksvarene vi importerer, har størst utslepp under produksjonen. Desse utsleppa vil då reknast i klimarekneskapen til vertslandet, og ikkje i vårt. Vår største eksportvare, olje og gass, har derimot klart størst utslepp under bruk og ikkje under produksjon. For dei fleste andre industriland er det likt som for Noreg, mens for utviklingsland er det gjerne motsett. Varene dei eksporterer, har størst utslepp under produksjonen, som skjer i landet. Og varene dei importerer, som til dømes olje og gass, har størst utslepp ved bruk, som også skjer i landet.

Tenk etter:

Kva måte å måle utslepp på synest du er mest rettferdig av territoriale utslepp og klimafotavtrykk? Kvifor?

Kan begge desse måtane å måle utslepp på vere nyttige?

Kjelder

Horne, T. (2020). Den store klimaguiden: Håndbok i gode klimavalg. Forlaget Press.

Kristiansen, T. (2021, 27. januar). Dette er utslippene fra nordmenns forbruk. Framtiden i våre hender. https://www.framtiden.no/202101277681/aktuelt/forbruk/dette-er-utslippene-fra-nordmenns-forbruk.html

Miljødirektoratet. (2021, 3. november). Norske utslipp og opptak av klimagasser. Miljøstatus. https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/norske-utslipp-av-klimagasser/

Olerud, K. & Lahn, B. (2021, 1. november). Klimagassutslipp. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimagassutslipp

Ritchie, H. (2019, 7. oktober). How do CO2 emissions compare when we adjust for trade? Our world in data. https://ourworldindata.org/consumption-based-co2

Øvrebø, O. A. (2021, 10. november). Utslippsfordelingen. Energi og klima. https://energiogklima.no/klimavakten/utslipp-per-innbygger/

CC BY-SA 4.0Skrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022