Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis kan vi få gjort meir med klimaendringane?

Vi veit at klimaendringane er menneskeskapte, og at samfunnet må endrast. Kva meiner ein klimapsykolog er viktig for å få gjort noko med klimaendringane?
Ein plakat kor det står skrive "climate action now" i forgrunnen, og i bakgrunnen ser ein mange menneske på ei klimamarkering. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å hindre for stor oppvarming av jordkloden må samfunnet endrast. Det skjer gradvise og mange positive endringar. Likevel kan vi ofte føle at det skjer for lite, og at det går for seint. Klimapsykolog Per Espen Stoknes peikar på nokre psykologiske utfordringar som gjer det vanskeleg for oss å handle. I tillegg kjem han med nokre løysingar. Desse skal vi sjå på no.

I denne oppgåva skal de bruke puslespelmetoden, eller jigsaw-metoden, som blei utvikla av Elliot Aronson på 70-talet. Du kan lese meir om jigsaw-metoden på jigsaw.org.

Førebuingar

  • Del dykk inn i basisgrupper på fem elevar. Viss det ikkje går opp, kan det vere fleire i nokon av gruppene, men ikkje færre. Er det fleire enn fem elevar på gruppa, må to elevar jobbe med den same løysinga.

  • Fordel løysingane i videoane under på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvar si løysing.

Ekspert 1: Sosialt flokkdyr
Ekspert 2: Positiv innramming
Ekspert 3: Dulting
Ekspert 4: Den nye forteljinga
Ekspert 5: Signal

Individuelt arbeid

Jobb individuelt i 20 minutt. Sjå videoen om løysinga di, og prøv å forstå kva Stoknes meiner. Kom gjerne med eigne døme på løysinga di, og gjerne dagsaktuelle døme. Du kan også prøve å knyte dette til kvardagen din – korleis angår dette deg? Bruk gjerne andre kjelder enn videoen viss du får ekstra tid.

Ekspertgrupper

Set dykk saman i ekspertgrupper. Dei som har fordjupa seg i den same løysinga, skal no sitje saman og jobbe i 10 minutt. Del det de har funne ut, med kvarandre. Hjelp kvarandre til å forstå, og bli einige om kva som er det viktigaste med løysinga dykkar. Del gjerne døma også, og sjå om de finn nokre felles døme som alle forstår, og som også vil vere enkle for medelevane dykkar å forstå. Førebu dykk på korleis de skal presentere løysinga dykkar for basisgruppa.

Deling og diskusjon

Set dykk tilbake i basisgruppene, og presenter dei ulike løysingane for kvarandre. Presenter gjerne i den oppsette rekkefølga. Kvar ekspert får 3–4 minutt til å presentere.

Diskuter i gruppa. Bruk 4–5 minutt per spørsmål:

  1. Kva for nokre av desse løysingane meiner de er viktigast? Kvifor?

  2. Bli einige om ei rangering av løysingane frå den vanskelegaste løysinga til den enklaste.

  3. Kom med andre forslag til løysingar de trur vil gjere det enklare å gjere meir med klimaendringane.

Viss det blir tid, er det fint å samanfatte felles i klassen til slutt.

Kjelder:

Stoknes, P. E. (2017). Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming. Tiden.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg