Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dult skulen meir klimavennleg

I denne oppgåva skal de lage ein klimadult på skulen, og på den måten bidra til å gjere skulen meir klimavennleg.
Fire jenter snakkar saman rundt eit bord i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klimadult

De skal jobbe i grupper på to–fem elevar. Kvar gruppe skal lage ein klimadult, der målet er at dulten skal bidra til at skulen blir meir klimavennleg. Det er lurt å ta utgangspunkt i eit område de tenker kan forbetrast enkelt, eller eit område der det er stort forbetringspotensial.

Det kan også vere fint å ta utgangspunkt i eit av områda i forbruket vårt som skaper store klimagassutslepp. Det finn de meir om i artikkelen om mitt og ditt klimagassutslepp.

Under følger ein framgangsmåte de kan bruke når de lagar klimadulten dykkar. Dei fire første punkta er lånte frå Hohle og Nilsen (2020).

  1. Identifikasjon: Kva er problemet vi ønsker å gjere noko med?

  2. Diagnose: Kva åtferd er det som fører til problemet? Når blir valet som leiar til problemet, teke?

  3. Løysing: Kva dultar kan påverke åtferda vi meiner leiar til problemet?

  4. Utforsking: Korleis kan vi teste om dulten påverkar åtferda?

  5. Ekstraspørsmål: Korleis kan vi lage ein artig og annleis dult, som fører til ønskt åtferdsendring?

Lag ein klimadult, eller lag ein tenkt klimadult

Saman med læraren må de avgjere kva for eit av desse to alternativa de skal gjennomføre:

  1. Lag ein ordentleg dult, og gjennomfør han, og lag ei undersøking der de prøver å avdekke om dulten fører til åtferdsendring eller ikkje.

  2. Lag ein dult, men ikkje gjennomfør han. De kan til dømes presentere dulten for nokon i leiinga på skulen, og så kan dei avgjere om dei eventuelt vil gjennomføre dulten seinare.

Kva må vere med i presentasjonen?

Læraren må avgjere om presentasjonen skal vere munnleg, eller om de skal lage ein digital presentasjon. Same kva de vel, bør følgande komme fram i presentasjonen:

  • Korleis skal dulten sjå ut i omgivnadene? Viss de lagar ein tenkt dult, kan det vere fint å ta eit bilete der dulten kunne ha vore, og teikne på korleis dulten ville ha sett ut.

  • Forklar kva type dult dette er.

  • Forklar kvifor denne dulten kan bidra til å gjere skulen meir klimavennleg. Her bør de finne meir bakgrunnsinformasjon om utsleppa de prøver å gjere noko med, og seie noko om kvifor og korleis dulten dykkar gjer noko med dette problemet.

Kjelde

Hohle, S.M. & Nilsen, M. (2020). Webinar: Nudging og kommunikasjon i klimaarbeidet. Miljødirektoratet. Henta frå: https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/2020/juni-2020/nudging-og-kommunikasjon-i-klimaarbeidet/

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg