Hopp til innhald

Eigenvurdering

Kva kan de om teknologi no?

Oppsummer kva de har lært om teknologi, og diskuter kva de vil jobbe vidare med.
Profilen av to hovud vende mot kvarandre. Inni det eine hovudet heng det ei tent lyspære, i det andre hovudet er det fleire spørsmålsteikn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver til eigenvurdering eller kvarandrevurdering

  1. Gi døme på teknologi du bruker i kvardagen din.

  2. Korleis kan vi definere omgrepet teknologi? Passer døma dine frå spørsmålet over til denne definisjonen?

  3. Forklare korleis teknologi kan utviklast. Kven kan utvikle teknologi? Kva tenkjer de er viktig å vurdere når vi utviklar ny teknologi?

  4. Diskuter korleis teknologi påverkar oss i dag, både positivt og negativ.

  5. Kva trur de vil kjenneteikne teknologien i framtida? Kva vil teknologien gjere med oss menneske, trur de?

  6. Har de fått nye tankar og idéar om teknologi? Er det noko de har lyst til å finne ut meir om med tanke på teknologi i kvardagen eller teknologi knytt til utdanningsprogrammet dykkar?

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2022

Læringsressursar

Kyborgane kjem!