Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teknologiens historie

Bli kjent med teknologiske nyvinningar opp gjennom historia. Finn ut kven som utvikla teknologien, korleis han påverka livet til dei som levde då, og om han påverkar oss som lever i dag.
Etniske shui-dansarar utfører den tradisjonelle drakedansen med drakar og fyrverkeri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Teknologiske nyvinningar opp gjennom historia

  1. Skriv ut vedlegget og klipp ut korta. (Dersom de vil bruke andre teknologiar, kan de gjere endringar i den vedlagde tekstfila og skrive ut denne).

Filer

Teknologiske nyvinningar

  1. Jobb saman i par eller små grupper og plasser korta etter kvarandre i den rekkefølga de trur teknologien vart teken i bruk. Er det nokon teknologiar de er sikre på plasseringa av? Kva teknologiar er vanskelegast å plassere?

  2. Diskuter kva de kom fram til felles i klassen.

  3. Ta for dykk kvar av teknologiane, bruk kjelder og finn ut

  • når teknologien vart utvikla

  • kven som var hovudaktørar

  • korleis teknologien påverka menneska som levde på den tida

  • korleis teknologien påverkar oss som lever i dag

Oppgåve 2. Betydningsgradestokk

  1. Bruk korta frå oppgåve 1.

  2. Jobb saman i par eller små grupper.

  3. Teikn eit koordinatsystem med x- og y-akse. La tid vere eining på x-aksen og betydning vere eining på y-aksen.

  4. Plasser korta i kronologisk rekkefølge langs x-aksen.

  5. Diskuter og vurder kor stor betydning teknologiane har hatt på livet vårt. Jo større betydning teknologiane har hatt, jo høgare opp på y-aksen skal de plassere teknologien.

  6. Diskuter felles i klassen. Argument for dei vala de tok, og dei vurderingane de gjorde.

Koordinatsystem med notid på x-aksen og betydning på y-aksen. Rektangel ligg spreidde utover i koordinatsystemet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Bruk tidslinja/betydningsgradestokken som utgangspunkt for vidare diskusjonar og arbeid.

    • Var det nokon som styrte utviklinga?

    • Kunne dei vite kva konsekvensane vart?

    • Korleis ville vi periodisere historia dersom kriteriet er menneskets påverknad på naturen?

Forslag til fleire diskusjonsoppgåver
  1. Fanst det teknologi før menneska? Forklar.

  2. Diskuter påstanden: Dyr kan ikkje utvikle teknologi.

  3. Kva faktorar påverkar om ein bestemd type teknologi blir utvikla?

  4. Diskuter påstanden "Det var teknologane som starta den industrielle revolusjonen, ikkje naturvitarane."

  5. Transformatoren vart oppfunnen i 1885 og gjorde det mogleg å overføre elektrisitet frå der han vart laga til stader langt unna. Kva betydning fekk dette for utviklinga av andre typar teknologi?

  6. Kven kan utvikle ny teknologi? Gi døme på teknologi som har vorte utvikla av ulike typar grupper.

  7. Tenk deg at du er journalist på den tida då mennesket tek i bruk elden. Du skal lage eit intervju med dei personane som klarte dette for første gong. Kva spørsmål vil du stille? Gjennomfør intervjuet som eit rollespel og lag eit innslag for ei tenkt nyheitssending.

Kjelde

Korbøl, K. (2019). Hva er det felles beste? Historie og bærekraft. I O.A. Kvamme og E. Sæther (Red.). Bærekraftsdidaktikk. Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Karsten Korbøl og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Kyborgane kjem!