Oppgåve
Transhumanisme
Er mennesket slik det ser ut i dag siste etappe i evolusjonen? Transhumanistane er opptekne av å bruke moderne bio- og nanoteknologi til å forbetre mennesket, og gjere oss meir intelligente og mindre sårbare overfor sjukdommar, slik at vi til sjuande og sist kan oppnå evig liv.
Sjå innslaget om transhumanisme frå 5.46 i videoen under.
I denne videoen kjem filosofane Ole Martin Moen og Henrik Syse med ulike påstandar om transhumanismen. Diskuter påstandane under. Er de einige eller ueinige? Grunngi svara dykkar.
- Vi burde bruke moderne bio- og nanoteknologi til å bli kvitt sjukdommar.
- Vi burde bruke moderne bio- og nanoteknologi til å forlengje menneske sine liv.
- Vi burde bruke moderne bio- og nanoteknologi til å skape menneske med evig liv.
- Det er ikkje nokon forskjell mellom å ønske evig liv på jorda, og ønsket om evig liv etter døden.
- Viss ny teknologi fjernar sjukdom og alderdom, vil religion bli mindre viktig.
- Forsøket på å designe mennesket kan føre til eit totalitært og undertrykkjande samfunn.
Her kan de gjennomføre ei klasseromsundersøkjing om de er einige eller ueinige i dei påstandane som kjem fram i filmen.
Tenesta krev pålogging, men er gratis: Kahoot-undersøkjing
Diskuter argument for og mot transhumanisme. Er transhumanisme ein utopi eller ein dystopi?