Hopp til innhald
Forsøk

Finn opp ein ny kroppsdel!

Tenk deg at du skal få ein ny kroppsdel som gir deg nye eigenskapar. Kva kroppsdel ville du velje deg då? Ei WiFi-antenne på hovudet? Ein ekstra arm? Eller kva med auge som kan sjå i mørkeret? Ingen grunn til å la det bli med draumane! Finn opp den nye kroppsdelen du ønsker deg, og lag ein prototyp.

Om kyborgar

Ein kyborg er ein skapning som har både delar som er laga av teknologi, og delar som er organiske, altså biologiske. Dette kan vere alt frå ein person som har fått operert inn eit høyreapparat eller ein pacemaker, til skapningar vi ser i science fiction-filmar, som til dømes berre har hovudet igjen av det naturlege.

I dette klippet kan de kanskje få inspirasjon før de går i gang med å lage dykkar eigne kroppsdelar!

Oppdrag

I denne oppgåva skal de skal finne opp ein ny kroppsdel, designe han og lage ein som de skal presentere.

Oppgåva består av desse fasane:

  1. Finn idéar
    I denne fasen jobbar de med å få fram ulike idéar. Til slutt vel de éin idé som de jobbar vidare med.

  2. Design og bygg kroppsdelen
    I byggefasen bygger de den nye kroppsdelen. De lagar skisser, finn eigna materiale, testar og bygger prototypar.

  3. Presenter
    I den siste fasen skal de vise fram prototypen de har laga, og forklare korleis han verkar, og kva problem han løyser.

Til læraren

Eit tverrfagleg opplegg der elevane er aktive

Dette opplegget er tverrfagleg, og dei sentrale faga er naturfag og dei ulike yrkesfaglege programområda. Elevane kan jobbe seg gjennom dei ulike fasane i små grupper. Saman diskuterer dei, lagar skisser, bygger og presenter. Det er rom for mykje elevaktivitet i dette opplegget.

Det er lurt å setje av minst 2–3 timar for å gjennomføre opplegget.

Tips til dei ulike fasane

1. Finn idéar

Tidsbruk: frå 20 minutt

Nokre elevar finn raskt ut kva dei vil lage, og er kjapt klare til å setje i gang. Det er fint, men vurder å bruke litt tid på idéfasen slik at elevane får trening i å vurdere idéar for så å sitje igjen med den beste. Viss ein vil lage noko som ikkje er til seg sjølv, er det ekstra viktig å bruke tid slik at ein får kartlagt kven brukaren er, og kva behov denne har.

2. Design og bygg kroppsdelen

Tidsbruk: frå 1–2 timar

Her må de vurdere kor mykje tid de vil setje av. Det er mogleg å gjere dette på 1–2 timar, men nokon har kanskje lyst til og behov for å bruke lengre tid. Det kjem litt an på kor lang tid ein bruker på å lage skisser av designet, og kor ferdig ein vil lage prototypen.

Av erfaring blir elevane ferdige til ulik tid, så det kan vere lurt å tenke gjennom kva elevane skal gjere etter kvart som dei er ferdige med denne fasen. Dei kan til dømes utfordrast på å forbetre kroppsdelen dei har laga, lage fleire kroppsdelar eller få beskjed om å hald fram på neste del – det å førebu ein presentasjon.

Før elevane skal gå i gang med bygginga, må du finne fram byggemateriale dei kan bruke. Ta ein kikk i konteinaren med el-avfall på skulen og bruk elles ting som de har allereie: leidningar, ispinnar, plankebitar, papp, lim, pipereinsarar, ståltråd, mjølkekartongar, ballongar, sugerøyr, plastelina, metall, kompositt, tekstil, plast.

3. Presenter

Tidsbruk: frå 30 minutt

I denne fasen viser elevane fram det dei har laga. Her får dei høve til å forklare korleis dei har tenkt, og argumentere for kvifor den nye kroppsdelane er bra, både med tanke på bruk, etikk og berekraft. Vi har laga forslag til vurderingskriterium som du kan bruke viss du vil bruke prosjektet som ein del av vurdering i naturfag eller andre fag.

1. Finn idéar

I denne fasen finn de ut kven de skal lage ein ny kroppsdel til, kva behov vedkommande har, og korleis ein ny kroppsdel kan løyse dette behovet. De jobbar fram fleire idéar, men til slutt vel de éin som de jobbar vidare med.

Kven er brukaren?

Viss brukaren ikkje er ein av dykk sjølve, må de finne ut kven som er det. De kan til dømes ta utgangspunkt i ein brukar tilknytt utdanningsprogrammet de går på.

Brukaren kan vere skuleelev, bussjåfør, kirurg, barnehagetilsett, rektor, bilmekanikar, forskar, sjukepleiar, elektrikar, kuldemontør, stillasmontør, tømrar, telefonseljar, agronom og mykje anna.

Kva behov har brukaren?

Kartlegg kva behov brukaren treng hjelp for å løyse / bli betre på. Det kan vere ein god idé å forsøk å finne ord som beskriv brukaren. Kanskje vedkommande er gløymsk, trøytt om morgonen, rotete, travel, alltid tørst, rastlaus, svaksynt eller trist?

Tips! Det kan vere nyttig å tenke gjennom kva ein arbeidstakar gjer i løpet av ein vanleg arbeidsdag. Korleis kan ein ny kroppsdel bidra til å gjere jobben lettare eller betre?

Døme:

Kva eigenskapar kan vere nyttige å ha viss du er bussjåfør, elektrikar, helsefagarbeidar, servitør eller bilmekanikar?

Kva kan løyse dette behovet?

Jobb vidare med brukaren og behovet frå punkta over. Korleis kan ein kroppsdel/eigenskap som skal løyse behovet til brukaren, sjå ut? Korleis fungerer han?

Aktuelle punkt kan vere

  • utforming: storleik, form, talet på noko, materiale, plassering av noko

  • korleis brukaren kan kontrollere/styre kroppsdelen

  • kva som skjer med funksjonen viss vi aukar storleik, forandrar former, bruker andre materiale, plasserer noko på ein annan måte

Døme: Kva skjer med funksjonen til antenna til Neil Harbisson viss ho blir større, kortare, plassert ein annan stad på kroppen eller utstyrt med ein annan type sensor?

For å få idéar til kroppsdelar kan de bruke desse ressursane:

Nye kroppsdelar med slumpord

  1. Lag nye kroppsdelar ved å setje saman to og to ord frå slumpordvedlegget under, til dømes "magnetisk munn" eller "lukteantenne".

  2. Kva kroppsdelar får de? Kva kan desse kroppsdelane gjere, trur de?

  3. Fyll på med eigne ord og sjå om de kjem opp med ein kroppsdel de vil jobbe vidare med.

Filer

  • Slumpord

  • Inspirasjon frå naturen

    Finn døme på at designarar har latt seg inspirere av naturen når dei har laga design. Kvifor har naturen så gode døme på design som "fungerer", trur de?

    Ta utgangspunkt i eksisterande kroppsdelar hos dyr og menneske og korleis dei fungerer. Korleis har ulike dyr og plantar utvikla kroppsstrukturar gjennom evolusjon?

    nettsida Biomimicry kan de lære meir om design og korleis vi menneske kan etterlikne design som naturen har utvikla gjennom evolusjon i millionar av år.

    2. Design og bygg kroppsdelen

    Design

    1. Sjå på produkt som allereie finst. Bli kjende med konstruksjonar og materialval.

    2. Lag enkle teikningar av ulike løysingar.

    3. Lag meir detaljerte arbeidsteikningar eller prototypar.

    • Ta omsyn til ergonomi, funksjonalitet og estetikk i designet.

    • Tenk gjennom korleis designet kan bidra til å oppfylle nokre av FNs berekraftsmål.

    • Vurder plassering, tilkoplingar til eksisterande anatomiske strukturar og moglege fysiologiske konsekvensar.

    Materiale

    • Undersøk materiale de finn på skulen, både i klasserom og på verkstader. Tenk gjenbruk!

    • Test eigenskapane til materiala, og vurder korleis dei eignar seg å bruke i den kroppsdelen de vil lage.

    • Korleis kan de eventuelt bruke teknologiske løysingar for å få kroppsdelen til å fungere?

    Lag prototypen

    • Bygg ein prototype av kroppsdelen:

      • Test brukarvennlegheit, haldbarheit og komfort.

      • Revurder design og materialbruk.

    • Fekk de nye idéar undervegs mens de bygde? Gjer eventuelle forbetringar på prototypen.

    3. Presenter

    Presenter prototypen for andre. I presentasjonen bør de

    • forklare designval, tekniske detaljar og potensielle bruksområde

    • vurdere etiske og sosiale utfordringar med å introdusere ein ny kroppsdel

    • vurdere kva for nokre av FNs berekraftsmål kroppsdelen kan bidra til å oppfylle

    Vurdering

    Forslag til vurderingskriterium.

    Vurderingskriterium

    Område

    låg måloppnåing

    middels måloppnåing

    høg måloppnåing

    DesignDesignet er lett og lite innovativt.Designet er funksjonelt og kreativt.Designet er svært innovativt og originalt.
    Tekniske detaljarPrototypen viser manglande forståing av tekniske prinsipp.Prototypen demonstrerer grunnleggande teknisk kunnskap.Prototypen viser avansert teknisk kompetanse.
    Potensielle bruksområdeAvgrensa eller ingen refleksjon over bruksområde.Identifiserer nokre bruksområde, men med avgrensingar.Utforskar eit breitt spekter av potensielle bruksområde med djup forståing.
    Etiske og sosiale utfordringarOverfladisk eller inga vurdering av etiske og sosiale utfordringar. Identifiserer nokre moglege utfordringar, men med avgrensa refleksjonar.Går gjennom grundig og reflektert analyse av etiske og sosiale utfordringar med forslag til tiltak.

    Kjelde

    Skaperskolen. (u.å.). Oppfinnerverksted. Henta 29. februar 2024 frå https://skaperskolen.no/5-7-trinn/oppfinnerverksted-5-7-trinn/

    Relatert innhald

    Fagstoff
    Designprosessen

    Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt eller ei teneste. I denne prosessen går vi gjennom ulike fasar.