Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er teknologi?

Vi er omgitt av teknologi, og det er vanskeleg å tenke seg eit liv utan. Men kva er eigentleg teknologi, og korleis blir ny teknologi til?
Kvinner og barn sit i graset. Bak dei står ei rekke med menn med ljå. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teknologi har gitt oss enklare liv i 200 000 år

Teknologi blir ofte knytt til ting som gjer livet vårt enklare og forhåpentleg betre: oppvaskmaskinen, bilen og datamaskinen. Men dersom du spør folk om teknologiar som mobiltelefonar og smarthus har gjort livet deira enklare og betre, vil du nok få ganske ulike svar alt etter kven du spør.

Teknologi er ikkje noko særeige for vår tid. Vi menneske har til alle tider vore opptekne av å gjere kvardagen vår enklare, og dei tidlegaste menneska måtte bruke teknologi for å overleve. Ein stein på bakken hadde potensial til å bli eit nyttig verktøy og dermed ein ny type teknologi for 200 000 år sidan.

Teknologi kan vere ein ting

Teknologi kan altså vere den nyttige tingen. Det kan vere ostehøvelen som gjer det lettare å skjere ost, bilen som gjer at vi kan flytte oss over lengre avstandar, og mobilen som gjer at vi kan ha kontakt med andre. Ja, og steinen som blir teken opp frå bakken og nytta som reiskap.

Døme på teknologi som ting: spade, fjernkontroll, mobiltelefon.

Teknologi kan vere ein prosess

For at ny teknologi skal oppstå, må nokon ha eit behov eller ein idé om kva vi treng, og kva som er nyttig for oss, før vi har sett det og brukt det. Derfor handlar teknologi også om prosessen som gir oss ny teknologi.

Døme på teknologi som prosess: å få ein idé, finne opp noko nytt, designe noko, forbetre noko som allereie finst.

Teknologi kan vere kunnskap

For å utvikle noko nytt og lage det treng vi kunnskapar om korleis vi skal gjere dette. Dette blir gjerne kalla teknikkar eller metodar. Tradisjonelt har dette vore sentralt i handverkaryrka, og vi kan seie at teknologi har sitt utspring i desse. I dag er teknologi tett knytt til ingeniøryrka og blir også brukt for å gi namn til heile fagområde, som til dømes digital teknologi, bioteknologi og velferdsteknologi.

Døme på teknologi som kunnskap: kunne genmodifisere ein bakterie, vite korleis du får poteter til å gro, kunne sveise saman to metallbitar.

Teknologi er eit vidt omgrep

Det er tydeleg at teknologi er eit vidt og nokre gonger litt uklart omgrep. Kanskje er det ikkje så farleg om vi bruker omgrepet ulikt, men det kan vere nyttig å vere merksam på at teknologi er mykje meir enn den "smarte tingen".

Teknologien påverkar oss menneske, og nokre gonger får teknologien heilt andre konsekvensar enn det som var hensikta. Det er ikkje nødvendigvis dumt, men dersom vi mistar kontrollen over teknologien og den teknologiske utviklinga, kva skjer då?

Spørsmål til diskusjon
  • Kva ferdigheiter er nyttige å ha når du skal jobbe med teknologi?

  • På kva måte er teknologi viktig på utdanningsprogrammet ditt?

  • Du har utvikla ein app som ingen brukar. Har du eigentleg utvikla teknologi då?

  • Finn døme på noko som ikkje er teknologi.

  • Kva er forskjellen på teknologi og vitskap?

  • Du finn ein pinne på bakken, tek han opp og bruker han som ein stokk for å støtte deg når du går. Er dette eit døme på teknologi?

  • Kjenner du til produkt som har vorte til ved eit "uhell"? Vil du kalle slike produkt teknologi? Forklar.

  • "Teknologi er makt." Finn døme som stadfestar denne påstanden.

Kjelder

Hansen, P.K. (u.å.). Hva er teknologi? I naturfag.no. Henta frå https://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1995107

Voll, L.O. og Vinje, B. (2018). Teknologi i realfagene. Universitetet i Oslo og Matematikksenteret, NTNU. Henta frå https://realfagsloyper.no/sites/default/files/2018-11/teknologi%20i%20realfagene.PDF

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Kyborgane kjem!