iHuman
Dei siste åra har verda gjort seg avhengig av meir og meir teknologi. Amazon, Google og Facebook er mektigare enn nokon andre selskap har vore opp gjennom historia.
Snart har ein utvikla kunstig intelligens som er så intelligent at han kan lære seg nye ting og vidareutvikle seg sjølv. Dette kallast kunstig generell intelligens (KGI). På sikt kan dette gjere oss menneske overflødige.
I filmen får vi møte fleire ekspertar på utviklinga av kunstig intelligens. Nokre av dei ser lyst på framtida, medan andre er bekymra over kva som ventar oss.
Menneska står overfor ei rekkje etiske dilemma knytte til ny teknologi og kunstig intelligens.
Den teknologiske utviklinga opnar på den eine sida for nye og positive moglegheiter, medan det på den andre sida òg kan gå riktig gale.
Det er dette denne skremmande dokumentar-thrilleren handlar om.
Relatert innhald
I denne oppgåva skal du drøfte fordeler og ulemper med kunstig intelligens med utgangspunkt i filmen iHuman.