Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva veit du om teknologi?

Finn ut kva du veit om teknologi frå før. Diskuter kva som blir meint med teknologi, og korleis vi bruker teknologi i kvardagen.

Oppgåve 1. Kva veit du om teknologi frå før?

  • Åleine. Skriv fritt om kva du knyter til teknologi i fem minutt.

  • Saman med andre. Les opp det de har skrive for kvarandre.

  • Diskuter nokre av desse påstandane:

    • Når bruker de teknologi i kvardagen?

    • Teknologi gjer liva våre betre.

    • Før i tida hadde ein ikkje teknologi.

Oppgåve 2. Kva meiner de er teknologi?

  • Kva for nokon av bileta representerer døme på teknologi? Forklar korleis de tenker.

  • Er de ueinige om nokon av gjenstandane?

  • Er det noko på biletet som ikkje er teknologi? Forklar.

Kollasj av ulike gjenstandar, til dømes ein note, eit fuglereir, ein blyant, ei lyspære, eit brød, ein drueklase, eit vinglas, ein flamingo, ein PC og eit isfjell. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge



CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Kyborgane kjem!