Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Antropocen – mennesket sin tidsalder

Påverkar vi menneske jorda i så stor grad at vi no er inne i ein ny geologisk epoke?
Jordkloden med menneske av ulik etnisitet som er spreidde over heile kloden. Personane står på kvar sin blå sirkel og er plasserte slik at dei dekker alle delar av jordkloden som er synlege i illustrasjonen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dette emnet skal du lære om antropocen, tidsalderen til mennesket. Du skal òg få sjå dei enorme endringane som har skjedd sidan 1950-talet, som gjerne blir kallaa den store akselerasjonen. Og korleis er eigenleg denne utviklinga? Er ho berekraftig, eller er vi i ferd med å øydelegge naturen som vi trass i alt lever av ? Kan teknologi hjelpe oss til å forvalte jorda vi har lagt under oss, eller skaper teknologi heller nye problem?

I dette emnet har vi lagt inn ulike ressursar som kan knytast til antropocen. Alle ressursane kan jobbast med enkeltvis. I læringsstien "Er vi i mennesket sin tidsalder?" finn du eit forslag til korleis oppgåvene og artiklane kan strukturerast.

Aktuelle fag

Dette er eit tverrfagleg emne. Ressursane er spesielt relevante i geografi, naturfag, historie, samfunnskunnskap og religion og etikk.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2022

Læringsressursar

Antropocen – mennesket sin tidsalder