Hopp til innhald

Fagstoff

Tilgangskontroll og diskriminering

Vektarar har ofte ansvar for både tilgangskontroll og bortvising på objektet dei jobbar på. Ein vektar handlar på vegner av oppdragsgivarar, og det er vanlegvis dei som set rammene. Ein vektar må kunne følgje reglane til oppdragsgivaren utan å gå i diskrimineringsfeller.
Bilete av to uniformerte vektarar i samtale med ein person på Oslo S. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Uansett kvar du er stasjonert som vektar, held du vakt over området på vegner av ein oppdragsgivar. Det er kunden til vaktselskapet som set reglane for opphald på området, krav til besøkslogg eller ID-plikt. Du er sett til å handheve desse reglane, inkludert retningslinjer for bortvisning og besøksnekt. Du kan hamne i fleire tvilssituasjonar, men det er viktig å hugse at du skal behandle alle likt.

Kva reglar kan oppdragsgivaren setje?

Oppdragsgivaren kan setje krav til opphald på området sitt. Eigaren kan til dømes forby unødig opphald eller setje reglar for sjenerande åtferd. Dette kan vere kriterium for bortvising. Oppdragsgivaren set rammene, men må stole på dømmekrafta til vektarane for kva som er unødig opphald eller sjenerande åtferd.

Kva krav det er tenleg for oppdragsgivaren å setje, vil avhenge av typen område. ID-plikt vil til dømes ikkje vere særleg tenleg på eit kjøpesenter eller ein busstasjon. Hos ei bedrift, derimot, vil dette kunne vere eit relevant krav.

Kva seier lovverket?

Oppdragsgivaren er ansvarleg for å bestemme reglar for området sitt, medan vektaren skal utøve arbeidet sitt i samsvar med desse reglane. Begge må i rollene sine ta omsyn til føringar i lovverket. Så sjølv om eigaren av eit område har relativt stor fridom til å setje reglane for eigedommen sin, vil lovverket ha siste ord.

Typen objekt eller eigedom påverkar òg val av reglar. På ein arbeidsplass der berre tilsette og gjester har tilgang, kan reglane vere strengare. På objekt med tilgang for allmenta er det andre føringar i lovverket. Her skal alle ha tilgang, men kan bortvisast ved uønskt åtferd.

Tilgangskontroll på private klubbar eller utestader vil til ein viss grad kunne definerast av eigaren. Det er innanfor lova å berre tillate tilgang for registrerte medlemmer, gjester med gyldig billett, gjester som er kledde etter ein fastsett kleskode, eller alle som kan dokumentere at dei er over ein viss alder.

Direkte og indirekte diskriminering er forbode ved lov

Du veit sikkert at trakassering og direkte diskriminering, på grunn av forhold som kjønn, etnisitet, funksjonsnedsetjing, religion og kjønnsuttrykk ikkje er tillate.

Men visste du at indirekte forskjellsbehandling òg er nemnt i lovverket? Med dette meiner vi at vi diskriminering som går føre seg i det skjulte, også er ulovleg.

Tenk over

Du jobbar som vektar på eit kjøpesenter. Senterleiaren misliker at barselgrupper kjem og ammar openlyst på fellesareala på senteret. Du som vektar blir instruert til å gi beskjed om at dei ikkje er ønskte på senteret, og leiaren ber deg skylde på at barnevognene utgjer hindringar for dei andre kundane. Kva gjer du?

Du bør òg vere klar over at lovverket spesielt nemner at det å gjengjelde, medverke til og instruere andre til å diskriminere og trakassere er ulovleg.


Relatert innhald

Etikk dreier seg om å tenkje over kva som er rett og gale, og korleis vi kan grunngi dei vala vi gjer.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021

Læringsressursar

Innanfor/utanfor