Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollespel om mobbing

Kvifor oppstår mobbing? Korleis er det å bli mobba, og kva kan vi gjere med det? I desse oppgåvene skal du lage eit rollespel og reflektere over dei sosiale mekanismane til mobbinga.

Oppgåve 1. Kvifor oppstår mobbing?

Sjå filmen, les artikkelen "Kva er mobbing?" og svar på spørsmåla:

  1. Kva er dei viktigaste årsakene til mobbing?

  2. Kva er konsekvensane av å bli mobba og ekskludert frå fellesskapen?

  3. Korleis kan manglande tilhøyrsel og fellesskap skape grobotn for mobbing?


Oppgåve 2. Rollespel om mobbing

I denne øvinga skal de gjennomføre eit rollespel om mobbing. Bruk gjerne presentasjonen "Mobbing som negativ spiral" under som ein inspirasjon.

Start med å dele klassen i grupper på 5–6 elevar.

Rollefordeling i gruppa

Kvar gruppe blir einig om ei rollefordeling. De kan trekkje lodd eller diskutere dykk fram til einigheit. Ein eller fleire i gruppa må ha rolla som

  • mobbar

  • mobbeoffer

  • tilskodar

I tillegg kan de velje om de ønskjer å ha med andre roller. Det kan til dømes vere rolla som trenar, lærar, rektor eller rolla som vekslar (ein som vekslar mellom å vere mobbar og mobbeoffer).

Oppgåve

Rollespelet er delt i to delar:

  1. Først skal de lage ei dramatisering. I dramatiseringa skal de vise korleis mobbing kan utvikle seg frå små krenkingar til alvorleg ekskludering og plaging. De kan framføre rollespelet framfor klassen eller spele det inn som ein video eller eit høyrespel.

  2. Etter at gruppa har gjennomført framføringa eller presentasjonen, skal dei reflektere over si eiga forteljing:

    • Kva gjorde at mobbinga fekk lov å utvikle og spreie seg?

    • På kva måtar kunne mobbinga ha blitt stoppa heilt i byrjinga og heilt til slutt i forteljinga?

Refleksjon i klassen

Etter at alle gruppene har presentert forteljinga si, kan de reflektere saman i klassen:

  • Kva var felles i alle historiene som blei fortalde?

  • Korleis skilde dei ulike historiene seg frå kvarandre? Var det til dømes ulike årsaker til mobbinga?

  • Var det viktige sider ved mobbing som ikkje kom fram i desse forteljingane?

Oppgåve 3. Eit inkluderande klassemiljø

Diskuter i grupper:

  1. Kva kan du sjølv gjere for å skape eit trygt og inkluderande klassemiljø utan mobbing?

  2. Kva kan klassen gjere saman for å skape eit trygt og inkluderande klassemiljø utan mobbing?

  3. Kvifor kan det vere vanskeleg å gripe inn for å stoppe mobbing, og kva kan ein gjere for at det skal bli lettare å seie frå?

  4. Diskuter denne påstanden: "Mobbing er noko alle taper på, både mobbarane og mobbeoffera."

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021

Læringsressursar

Innanfor/utanfor