Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er mobbing?

Meir enn 60 000 barn og unge blir mobba kvart år i Noreg. Kva er mobbing? Kvifor oppstår mobbing, og kva kan vi gjere for å hindre at mobbing skjer?

Korleis ville du opplevd at alle snudde ryggen til deg når du kom bort til dei, at dei så ein annan veg når du prøvde å seie hei, at dei andre kviskra og lo av deg i gangane, og du måtte vere aleine – i friminutta, i lunsjen, og på veg til og frå skulen – kvar einaste dag.

Alle menneske har eit grunnleggjande behov for tryggleik og tilhøyrsle. Å bli stengt ute frå fellesskapen, eller utsett for fleire fysiske eller psykiske krenkingar, er derfor ei av dei største belastingane eit menneske kan oppleve.

Kva er mobbing?

Det er lettare å stanse mobbing viss vi veit nøyaktig kva det er. Dei fleste mobbeforskarar i dag er einige om at mobbing har nokre grunnleggjande kjenneteikn.

For det første er mobbing negative, uvenlege eller aggressive handlingar. Hensikta er ofte – bevisst eller ubevisst – å skade offeret, gjennom til dømes fysisk vald, negative kommentarar eller fornærmingar.

For det andre er mobbing prega av eit ujamt styrkeforhold. Offeret for mobbinga har ikkje moglegheit til å forsvare seg eller setje seg til motverje. Viss klassen til dømes vel å stengje ute ein enkelt person, er det lite han eller ho sjølv kan gjere for å bli inkludert.

For det tredje handlar mobbing om gjentakande hendingar. Plaginga er systematisk. Når hendingane hender fleire gonger på rad, får sjølvbiletet til offeret ofte djuptgripande arr. Det er annleis å bli utsett for ei enkelt hending, enn å grue seg kvar dag for kva som kan komme til å skje – og tenkje at denne situasjonen kanskje aldri kjem til å endre seg.

Definisjonen av mobbing:

Det er mobbing når ein eller fleire personar over ei viss tid rettar gjentekne negative handlingar mot ein som har vanskeleg for å forsvare seg.

Ei ny forståing av mobbing

Ingrid Lund, Anne Helgeland og Velibor Bobo Kovač har kritisert den tradisjonelle definisjonen av mobbing. Dei meiner han fokuserer for mykje på mobbarar og mobbeoffer. Det kan verke stigmatiserande. Når mobbarar og offer blir plasserte i faste tildelte roller, kan det òg bli vanskelegare å løyse mobbesituasjonen i praksis. Derfor har dei foreslått ein ny definisjon:

  • Mobbing av barn er handlingar frå vaksne og/eller barn som hindrar opplevinga av å høyre til, å vere ein viktig person i fellesskapen og moglegheita til medverknad.

Definisjonen deira av mobbing fokuserer på det sosiale samspelet i mobbesituasjoner. Han vektlegg i større grad dei vaksne sitt ansvar for mobbing, og kva for nokre grunnleggjande menneskelege behov som blir ramma av mobbinga.

Ei trist jente sit aleine i ein skulegard. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike former for mobbing

Det finst mange former for mobbing, og vi kan skilje mellom direkte mobbing, indirekte mobbing og nettmobbing.

  • Direkte mobbing skjer under direkte kontakt. Det kan til dømes vere fysisk vald eller verbale truslar, fornærmingar eller erting.

  • Indirekte mobbing er handlingar som ikkje nødvendigvis skjer i direkte kontakt mellom mobbarar og mobbeoffer. Det kan til dømes vere ryktespreiing eller ekskludering bak ryggen til offeret. Dette blir òg kalla relasjonell mobbing, sidan det ofte dreier seg om sosial manipulasjon, som når ei jente blir frosen ut og aldri invitert saman dei andre.

  • Nettmobbing eller digital mobbing er mobbing via elektroniske medium. Det kan vere nedsetjande meldingar eller bilete på sosiale medium. Ofte veit ikkje mobbeofferet kven som står bak. Det kan òg vere vanskeleg å vite kva baktankar andre har med det dei legg ut, noko som kan føre til auka usikkerheit og stress. Sidan mobbinga går føre seg på nett, får ein heller aldri pause frå plaginga. Du veit aldri kva som kjem til å dukke opp på skjermen.

Ein mobiltelefon der det står nedsetjande meldingar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årsaker til mobbing

Kvifor oppstår mobbing? Kva gjer at nokon dag etter dag utset andre for heilt openlyse lidingar? Årsakene til mobbing er ofte komplekse, og det finst både sosiale og individuelle forklaringar.

To forklaringar på mobbing er tilhøyrsel og makt. Ved å ekskludere og plage ein annan kan mobbarane prøve å auke statusen sin og tilhøyrsel i ein gjeng eller ein klasse. Ein felles fiende kan sveise ei gruppe saman i ein felles front og skape auka tilhøyrsel internt i gruppa. Mobbing kan òg vere motivert av eit ønske om makt. Ved å skape avmakt hos offeret får mobbarane ei stadfesting på si eiga makt og eigen dominans.

Det finst òg fleire andre sosiale mekanismar som kan bidra til mobbing. Når fleire er saman om mobbinga, blir ansvaret mindre for den enkelte. Det blir lettare å forsvare handlingane med noko offeret har sagt eller gjort. Gradvis blir det skapt ein sosial avstand til offeret. Han eller ho blir sett på som "ein annan", som du ikkje treng å ha dårleg samvit for å plage, og mobbarane mistar hemningar dei vanlegvis ville hatt mot å påføre andre liding.

Sidan ingen grip inn og stansar mobbinga, kan tilskodarane eller mobbarane òg feilaktig tru at alle dei andre aksepterer det som skjer. Det kan oppstå ei falsk norm som seier at overgrepet er greitt, sjølv om mange stilltiande reagerer på det som skjer. Sidan ingen andre seier noko, trur alle feilaktig at alle dei andre synest det som skjer er OK.

Ein gut ligg på bakken og blir slått og sparka av to andre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst òg individuelle forklaringar på mobbing. Mobbarane har ein tendens til å vere meir aggressive, og mobbeofra har ein tendens til å ha meir frykt og angst og eit dårlegare sjølvbilete enn gjennomsnittet. Å vere homofil eller bifil aukar òg sjansane for å bli mobba. I motsetning til kva mange trur, skil offera seg ofte ikkje ut når det gjeld klede, utsjånad eller dialekt. Samtidig er det stor variasjon blant dei som mobbar og blir mobba. Alle kan bli offer for mobbing, og skal vi forklare mobbing, må vi sjå på samspelet mellom individuelle eigenskapar og sosiale faktorar.

Det er òg viktig å ta med den større konteksten når vi skal forklare mobbing. Forhold i familien, skulen og samfunnet er med å påverke. I klassen vil normer overfor mobbing, det sosiale miljøet, relasjonane mellom elevane og klasseleiinga til læraren ha stor innverknad. I ein klasse med eit utrygt miljø og ein fråverande lærar kan til dømes nokre elevar med aggressive tendensar, byrje å mobbe for å skape ein tettare tilhøyrsel seg imellom. Viss mobbinga ikkje blir stansa, kan ho eskalere som ein negativ spiral. Det kan du lese meir om under.

Førebygging mot mobbing

Mobbing kan føre til dårleg sjølvkjensle, einsemd, psykiske lidingar og eit ønske om å ikkje leve lenger. Det er derfor viktig at vi gjer det vi kan for å førebyggje og stoppe mobbinga.

Det er viktig med klare rutinar og strukturar for å oppdage og gripe inn overfor mobbing når ho skjer. På ein skule er til dømes læraren ein rollemodell og må utøve autoriteten sin ved å raskt og konsekvent gripe inn overfor krenkingar.

Klare normer, verdiar og haldningar i miljøet, som seier at mobbing ikkje er godteke, er viktig for å forsterke hemningar mot å mobbe. Auka kunnskap om mobbing kan òg gjere det enklare å kjenne igjen mobbing. Det kan føre til at vi reagerer raskare viss vi blir utsette for eller vitne til mobbing. Det finst òg sosiale og kognitive treningsprogram som kan førebyggje mobbing. Då øver vi opp sosiale evner og skaper auka forståing for eigne tanke- og handlingsmønster.

Eit trygt sosialt miljø som inkluderer alle, er òg viktig for å førebyggje mobbing. I ein klasse er til dømes nære, gode og varme relasjonar mellom elevane og mellom elevar og lærarar, viktig. Ved å redusere spenningar mellom elevar, og skape auka tilhøyrsel og felleskap, blir det mindre grobotn for mobbing.

I 2017 blei opplæringslova endra, og skulane fekk ei auka plikt til å gripe inn overfor mobbing. Skulane har plikt til å lage ein handlingsplan viss dei oppdagar mobbing, og elevane har auka rett til å klage viss skulen ikkje følgjer opp ansvaret sitt.

Relatert innhald

l 2002 kom det første Manifest mot mobbing. Vidareføringa heiter Partnerskap mot mobbing, og målet er at alle barn skal ha eit trygt miljø utan mobbing.

Kjelder

Bru, R., Idsøe, E.C., Øverland, K. (Red). (2016). Psykisk helse i skolen. Universitetsforlaget.

Lund, I., Helgeland, A. & Kovac, V.B. (2017, 9. oktober). På vei mot en ny forståelse av mobbing i et folkehelseperspektiv. Utdanningsforskning.no. https://utdanningsforskning.no/artikler/pa-vei-mot-en-ny-forstaelse-av-mobbing-i-et-folkehelseperspektiv/

Moen, E. (2014). Slik stopper vi mobbing – en håndbok. Universitetsforlaget.

Roland, E. ( 2014). Mobbingens psykologi. Hva kan skolen gjøre? (2. utg.). Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021

Læringsressursar

Innanfor/utanfor