Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utanforskap

Det er fleire ulike former for utanforskap. Du skal her forsøke å setje deg inn i omgrepet og diskutere kva det betyr for deg og klassekameratane dine.
Bilete av ung jente med trist uttrykk i andletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Opplevt utanforskap

  1. Kva er utanforskap for deg?
  2. Har du sjølv nokon gong følt deg utanfor? Kva er/var grunnen til det?

Oppgåve 2. Diskuter utanforskap

  1. Jobb saman i små grupper og kom opp med ei liste over ulike typar utanforskap, før de diskuterer kva desse formene for utanforskap kan leie til.
  2. Forstår du og vennene dine utanforskap som det same, eller er det ein forskjell?
  3. Kva for grupper og/eller individ trur de er spesielt utsette for utanforskap?
  4. Korleis kan vi hindre utanforskap? Her kan de tenkje på både korleis dykk sjølv, samfunnet og styresmakter kan hindre utanforskap.
  5. Viss nokon er "utanfor", må det også bety at nokon er "innanfor". Kven kan desse som er "innanfor" vere?

Oppgåve 3. "Vi" og "dei andre"

"Andregjering" er eit omgrep som viser til korleis vi ved hjelp av ord eller handlingar plasserer nokre individ som "dei andre".

  1. Finn døme på bruken av "vi" og "dei andre" frå di eiga sosiale verd. Kven blir inkluderte som "vi" , og kven blir ekskluderte som "dei andre"?
  2. Diskuter i plenum: Kvifor skil vi på "oss" og "dei"? Er dette det same som å setje folk i bås? Gjer vi det lettare for oss sjølve når vi gjer dette, eller kan det bidra til utanforskap?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi, Åsa Abusland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2020

Læringsressursar

Innanfor/utanfor