Hopp til innhald
Fagartikkel

Einsemd

Mange unge kjenner på einsemd, men ikkje så mange snakkar om det. Kva er eigentleg einsemd? Korleis påverkar einsemd oss, og kva kan vi gjere med det?

Einsemd under koronapandemien

Under koronapandemien blei temaet einsemd endå meir aktuelt. Vi kunne ikkje vere saman med dei vi likte å omgåast, og vi måtte vere meir heime. Med meir heimeskule og mindre fritidsaktivitetar mista ungdom òg viktige arenaer for å vere saman. I media las vi om unge som fortalde om mykje åleinetid og kjensla av å vere einsam. Men kva betyr det eigentleg å vere einsam, og korleis påverkar einsemd den psykiske helsa vår?

Kva er einsemd?

Å vere ein del av ein felleskap er viktig for alle menneske. Vi kan seie at biologien krev det, som om vi er programmerte til å vere knytte til andre menneske for å overleve og utvikle oss. Når vi ikkje kjenner oss som ein del av flokken, kan det føre til einsemd.

På same tid er det slik at mange føretrekker å vere mykje aleine, utan at dei kjenner seg einsame. Dette handlar både om kulturelle forskjellar og forskjellar i personlegdommen vår. Å vere åleine er altså ikkje det same som å vere einsam. Vi skil gjerne mellom det å vere frivillig og ufrivillig aleine. Å vere ufrivillig aleine kjennest ofte som einsemd og handlar om ei form for sakn etter nærleik og tilhøyrsel.

Vi treng å føle oss viktige for nokon for å ha det bra med oss sjølv. At det er nokon som ser oss, forstår oss, lyttar til oss og er glade i oss akkurat som vi er. Når dette manglar, kan vi kjenne på einsemd. Det er derfor vi kan føle oss einsame òg når vi er saman med andre. Vi har menneske rundt oss, men vi opplever ikkje at vi er nær dei. Dette kan vi kalle psykologisk einsemd.

Beskriving av videoen

I videoen er det fokus på ein ung mann som er omgitt av venner han tilsynelatande har det gøy saman med på pub og på t-banen. Når han kjem heim og er åleine, kjem det likevel fram at han er trist. Vi ser dei same scenene frå puben og t-banen på nytt, men denne gongen er det tydeleg at han kjenner seg utanfor. Videoen avsluttar med at mannen ligg i senga og ser på mobilen sin i mørket. Følgande tekst kjem opp på skjermen: "Ensomhet er ikke alltid synlig" og "Lys opp dagen til noen i mørket". Videoen er laga av Raudekrossen.

Når einsemd blir eit problem

Opplevinga av einsemd er noko alle menneske kan kjenne på innimellom. Det er heilt normalt. Men kjensla av einsemd kan òg vere meir langvarig og skape problem for oss.

Somme gonger er det sjølvkjensla vår som fører til at vi trekker oss unna andre menneske eller ikkje tør å vise kven vi eigentleg er. Det kan handle om at vi ikkje føler oss gode nok for andre, ei frykt for å bli avviste, eller at vi har vonde erfaringar med andre menneske. Alt dette kan gjere det vanskeleg å danne gode, nære relasjonar – noko som igjen kan føre til einsemd.

Langvarig einsemd kan gå utover helsa vår både fysisk og psykisk, og det påverkar livskvaliteten vår. Opplevinga av einsemd over tid kan føre til at vi føler oss nedstemde og usikre i møte med andre menneske, og for somme kan det føre til psykiske plager. Men denne samanhengen kan òg gå andre vegen: Viss vi har psykiske plager, kan det hende vi trekker oss unna andre menneske. Dette kan igjen forsterke opplevinga av einsemd. For å få det betre må vi derfor prøve å bryte denne vonde sirkelen, anten på eiga hand eller med hjelp frå andre.

Å snakke med nokon du er glad i eller stoler på, kan hjelpe på kjensla av å vere einsam. Ved å setje ord på tankane og kjenslene dine kan det kjennast mindre tungt. Kanskje vil du òg kjenne på at du ikkje er åleine, at det er nokon som bryr seg om deg.

Viss du opplever einsemd som følge av utestenging eller mobbing, er det viktig at du snakkar med ein lærar eller ein annan vaksenperson du er trygg på. Du kan òg kontakte mobbeombodet eller elev- og lærlingombodet i fylket ditt.

Kva kan du gjere sjølv for å bli mindre einsam?

Det kan kjennast vanskeleg å prøve å gjere noko med einsemda på eiga hand. Dette kan komme av at det å vere einsam ofte er forbunde med skam i kulturen vår, og at det krev ei endring av oss i korleis vi er overfor andre. Det kan likevel vere verd eit forsøk å få meir eller betre kontakt med andre.

Er det nokon du gjerne skulle hatt meir eller betre kontakt med som du kan oppsøke? Kanskje du kan invitere hen til å gå ein tur, ta ein kaffi eller berre ta ein prat? Det første steget er ofte det vanskelegaste. Vi blir redde for at den andre skal seie nei eller kanskje ignorere oss. Dette kan skje, og viss vi har mange negative erfaringar med avvising, er det naturleg å kjenne på frykt for ny avvising. På same tid må vi somme gonger ta sjansen og utfordre oss sjølv viss vi skal kome meir i kontakt med andre.

Å ha éin eller fleire gode, trygge relasjonar kan gjere oss mindre einsame. Men for verkeleg å bli kjende med kvarandre må vi òg investere i relasjonen. Dette betyr at vi byr på oss sjølv og tør å vere sårbare. Vi må tore å vise kven vi er, anten det er gjennom å uttrykke meiningar, haldningar, tankar eller kjenslene våre. Ved å vise kven vi eigentleg er, gir vi andre moglegheita til å bli ordentleg kjende med oss, forstå oss og anerkjenne oss.

Om du ønsker å komme i kontakt med nye menneske, kan ei moglegheit vere å oppsøke ei gruppe eller ein fellesskap med same verdiar, interesser eller meiningar som deg sjølv. Dette kan til dømes vere eit idrettslag, eit trussamfunn, ein frivillig organisasjon eller interessegruppe. Sannsynet er stort for at du vil møte nokon som er opptekne av det same som deg, noko som gjer det lettare å komme i kontakt.

Felles ansvar

Det er ikkje alltid synleg kven som er einsame. Dette kan komme av at terskelen for å snakke ope om einsemd, er ganske høg for mange. Kanskje det er fordi vi oftare deler oppturane i livet enn det som er vanskeleg.

Vi har alle eit ansvar for å skape eit samfunn der folk ikkje føler seg einsame. Å seie hei til dei rundt deg og inkludere folk i samtalar og på sosiale medium kan ha stor effekt på einsemda til nokon – også di eiga.

Verdensdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse. Dagen blir markert over heile landet i veke 39–42 kvart år.

Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skolen.

Relatert innhald

Ekstern
Ensomhet

Nettside hos linktillivet.no

Kjelder

Folkehelseinstituttet (2015, 11. mai) Fakta om sosial støtte og ensomhet. Henta frå https://www.fhi.no/fp/psykiskhelse/psykiskelidelser/sosial-stotte-og-ensomhet---faktaar/

Hørthe, E. (2021, 19. januar) Ensomhetens språk. Psykologi.no. Henta frå https://psykologisk.no/2019/12/ensomhetens-sprak/

Nes, R.B., Aarø, L.E., Vedaa, Ø. & Nilsen, T.S. (2020, 17. desember)
Livskvalitet og psykisk helse under koronaepidemien november – desember 2020. Folkehelseinstituttet. Henta frå https://www.fhi.no/div/helseundersokelser/fylkeshelseundersokelser/livskvalitet-og-psykisk-helse-under-koronaepidemien--nov-des-2020/