Utforsk utanforskap og marginalisering - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk utanforskap og marginalisering

Kvifor fell nokon ut av samfunnet? I denne oppgåva skal du utforske omfang og årsaker til ulike former for marginalisering og utanforskap. Du skal òg diskutere tiltak for å hindre det.

Det finst mange ulike former for marginalisering og utanforskap. I denne oppgåva skal du velje ei form for marginalisering og utanforskap og gå i djupna på ho. Denne oppgåva kan både gjerast individuelt og i grupper.

Oppgåvebeskriving

Denne oppgåva består av fem ulike delar.

1. Vel ei form for marginalisering og utanforskap

Vel ei form for marginalisering eller utanforskap du er nysgjerrig på, og som gjerne vil vite meir om. Du finn fleire ulike forslag og kjeldetips nedst nede på sida. Dersom de jobbar i grupper, kan de eventuelt trekkje lodd slik at kvar gruppe dekkjer kvart sitt område.

2. Kartlegg omfanget

Når du har valt kva du vil fokusere på, må du kartleggje omfanget av den forma for marginalisering og utanforskap du har valt. Det kan vere kor mange som er ramma, alder, kjønn, bakgrunn og bustad. Jo meir du veit om omfanget, jo lettare kan det vere å finne årsaker og løysingar. I tekstboksane under og nedst nede på sida finn du forslag til relevante nettstader der du kan finne informasjon og statistikk.

Tips til relevante nettstader

Relevante stader der du kan finne relevant og kvalitetssikra informasjon og statistikk:

3. Finn årsaker

I denne delen av oppgåva skal du utforske årsakene til marginalisering og utanforskap. Ta utgangspunkt i den forma for marginalisering og utanforskap du har valt. Kva er dei viktigaste grunnane til at nokon fell utanfor på denne måten?

Dersom du til dømes har valt kriminalitet, kan du finne årsakene til at nokon blir kriminelle og beskrive kvifor dette leier til marginalisering og utanforskap. Dersom du har valt rusmisbruk, kan du finne årsakene til at somme blir rusmisbrukarar og beskrive kvifor rusmisbruk kan føre til marginalisering eller utanforskap.

4. Diskuter løysingar

I denne delen av oppgåva skal du diskutere ulike tiltak som kan hindre forma for marginalisering og utanforskap som du har valt. Kva kan samfunnet gjere for å hindre denne forma for marginalisering og utanforskap? Finn gjerne konkrete døme for tiltak for den gruppa du har valt, og diskuter fordelar og ulemper med desse ulike tiltaka.

5. Presenter resultatet

Til slutt skal du presentere kva du har kome fram til. Du kan levere ein skriftleg rapport eller halde ein presentasjon for klassen.

Tips til kjelder

Her finn du nokre tips til kjelder som du kan bruke som eit utgangspunkt i oppgåva.

Funksjonsnedsetjing

Bufdir: Antall med nedsatt funksjonsevne

Unge funksjonshemmede: Hva er en funksjonsnedsettelse?

Kriminalitet

NDLA: Årsaker til kriminalitet og marginalisering

SSB: Sosiale forhold og kriminalitet

Konfliktraadet.no: SLT-modellen

Rusmiddel

FHI: Rusmidler, doping og avhengighet

NDLA: Rusførebyggjande arbeid

Konfliktraadet.no: SLT-modellen

Mobbing

NDLA: Kva er mobbing?

Utdanningsdirektoratet: Elevundersøkelsen 2019: Mobbing og arbeidsro

Fattigdom

NDLA: Fattigdom i Noreg

Video om fattigdom (NDLA):

Video: Jarle Sten Olsen, Eva Sophie Wolff-Hansen / CC BY-SA 4.0
Arbeidsløyse

ISF: Seks utfordringer for norsk arbeidsliv

SSB: Færre unge utenfor i fjor

Rasisme og diskriminering

Bufdir: Diskriminering i arbeidslivet

LDO: Hvordan fremme likestilling og hindre diskriminering

Radikalisering

NDLA: Ekstremisme og terrorisme

Plattform: Plattform

Innvandring

NDLA: Integrering, assimilering, segregering og marginalisering

FAFO: Innvandring og integrering i arbeidslivet – en innføring

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er marginalisering?

Marginalisering er ein prosess der einskildindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2021