Kva er marginalisering?

Kva er marginalisering?
Marginalisering er ein prosess der einskildindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet. Det kan til dømes vere tilfellet når innvandrarar ikkje får fast jobb, når ungdommar droppar ut av skulen, eller når einslege mødrer ikkje har råd til å la barna delta i dei same fritidsaktivitetane som andre barn.
Marginaliserte individ eller grupper står verken heilt på utsida eller heilt på innsida av samfunnet. Dei er i ei gråsone mellom å vere inkluderte og å vere ekskluderte, og dei har ofte færre moglegheiter til å delta i samfunnet enn andre.
Former for marginalisering
Marginalisering er eit fenomen med fleire ulike dimensjonar. I samfunnet deltek vi på fleire ulike arenaer. Vi går på skulen, deltek i arbeidslivet, har ulike fritidssyslar, vi er med i organisasjonar og er saman med venner. Vi kan marginaliserast overfor eit eller fleire av desse miljøa. Nokre ulike former for marginalisering kan vere:
- sosial marginalisering
- når individ eller grupper står i ytterkanten av ulike sosiale miljø
- kulturell marginalisering
- når individ eller grupper ikkje blir inkluderte i kulturelle fellesskapar
- arbeidsmarginalisering
- når individ eller grupper ikkje blir fullt ut inkluderte i arbeidslivet
- politisk marginalisering
- når individ eller grupper ikkje kan delta fullt ut i politikken
Kumlulativ marginalisering
På dei ulike arenaene i samfunnet møter vi ulike normer og forventningar. Å bli marginalisert på eitt område betyr ikkje nødvendigvis at ein blir marginalisert på eit anna. Samtidig kan det ofte vere ein samanheng mellom marginalisering på ulike område. Sjukdom kan til dømes hindre deg i å delta i arbeidslivet. Det kan igjen føre til fattigdom og manglande moglegheiter til å delta i sosiale aktivitetar saman med vener.
Når marginaliseringa på eit område leier til marginalisering på eit anna, seier vi at marginaliseringa er kumulativ – ho bygger seg opp. Det vil til dømes vere tilfellet viss nokon droppar ut av skulen på grunn av rusmiddel og etter kvart blir kriminell.
I Noreg finn vi marginaliserte grupper blant innvandrarar, fattige, einslege forsørgjarar, rusmisbrukarar og langtidssjuke. Desse marginaliserte gruppene er ofte i ei risikosone, ein flytande posisjon mellom sosial inkludering og sosial eksklusjon. På den eine sida vil fleire etter ein periode bli betre integrerte i samfunnet. På den andre sida vil nokon etter kvart kunne falle heilt utanfor og bli ekskluderte frå ein eller fleire arenaer i samfunnet.

Ulike årsaker til marginalisering
Marginalisering kan bli sett på som ein prosess der nokon gradvis blir skyvde eller dregne mot ytterkantane av samfunnet. Det vil til dømes vere tilfellet for ungdommar som trekker seg vekk frå familie, skule og arbeidsliv, og i staden søker mot avvikande og belasta miljø for å få tilhøyrsel og aksept.
Strukturelle årsaker
Det kan finnast mange ulike årsaker til marginalisering. Marginalisering kan komme av enkeltmenneskes personlege eigenskapar eller val, men det kan òg komme av strukturelle trekk ved samfunnet. Økonomiske strukturar kan til dømes skyve individ og grupper ut i arbeidsløyse, og økonomiske forskjellar med fattigdom og dårlege levevilkår kan gjere at nokre barn og ungdommar får det vanskelegare på skulen.
Eit anna strukturelt trekk i arbeidslivet kan vere manglande tilrettelegging. Viss du sit i rullestol og arbeidsplassen ikkje har heis, kan du ikkje jobbe der, og viss bedrifta krev gode norskkunnskapar, vil det stenge mange nyinnflytta innvandrarar ute.
Kultur
Ei anna årsak til marginalisering kan vere kultur. I ei globalisert verd, som blir tettare og tettare knytt saman, kan mange bli ståande i spenn mellom fleire ulike kulturar. Denne identitetskonflikten kan føre til manglande tilhøyrsel og marginalisering. Det kan til dømes vere tilfellet for minoritetsungdom som blir drege mellom ulike kulturar, eller ungdom frå småstader rundt kysten som møter ein ny kultur gjennom skule og utdanning. Ulike subkulturar, som kriminelle gjengar eller russøkande ungdomsgjengar, kan òg vere med på å skyve ungdommar ut på kanten av samfunnet.
Individualisering
Marginalisering kan òg komme av grunnleggande utviklingstrekk ved det moderne samfunnet. I fleire vestlege samfunn blir tradisjonelle fellesskapar stadig svakare, og enkelindivid blir i aukande grad overlatne til seg sjølve. Denne individualiseringsprosessen fører til at vi som enkelmenneske får auka valmoglegheiter, men han kan samtidig føre til auka uvisse og risiko for å falle utanfor. Når vi blir frikopla frå fellesskapen og må velje utdanning, jobb, bustad, kjæraste og livsstil på eiga hand, kan vi samtidig bli meir utsette og sårbare.

Marginalisering, sosiale avvik og ekskludering
Det kan ofte vere ein nær samanheng mellom marginalisering og sosiale avvik og ekskludering, men desse omgrepa beskriv litt ulike fenomen.
Marginalisering og sosiale avvik
Mens marginalisering handlar om manglande integrasjon i sosiale fellesskapar, handlar sosiale avvik om brot på sosiale normer. Sidan normene er med på å halde samfunnet saman, er det ofte ein samanheng mellom marginalisering og brot på sosiale normer. Sosiale avvik, som kriminalitet, kan føre til marginalisering, og marginalisering, som arbeidsløyse eller manglande utdanning, vil kunne føre til avvik.
Marginalisering og ekskludering
Marginalisering og ekskludering er omgrep som ofte blir brukte om kvarandre til dagleg, men som fagomgrep blir dei ofte brukte litt ulikt. Mens marginalisering beskriv ein prosess der nokon blir skyvde ut i ytterkanten av samfunnet, blir omgrepet ekskludering ofte brukt for å beskrive ein tilstand der nokon har falle heilt utanfor den sosiale fellesskapen.
Marginalisering kan derfor leie til at nokon blir ekskluderte og skyvde heilt ut av ei gruppe eller ein fellesskap. Dersom ungdommar først får psykiske problem og deretter droppar ut av skulen og blir ståande heilt utanfor arbeidsmarknaden, vil marginaliseringa til slutt leie til ekskludering.