Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor er mangfaldskompetanse viktig?

Kvar dag deltek vi i ulike fellesskap som består av eit mangfald av ulike menneske. Mangfaldskompetanse handlar om korleis vi handterer forskjellane og ueinigheita vi møter hos kvarandre.
Seks gutar står tett ved sida av kvarandre. Dei held rundt skuldrene til kvarandre og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inkluderande fellesskap

Kvar dag går du inn og ut av ulike fellesskap – det kan vere i klassen, i kantina, på trening og på jobb. Vi menneske søkjer saman, men det er ulikt kor aktivt vi deltek på ulike område. Grunnen kan vere at vi har ulike interesser, men det kan òg handle om inkludering og ekskludering. Inkludering har vi når det er rom for alle i ein fellesskap i vennegjengen, i klassen eller på ein fritidsaktivitet.

Sjå for deg ein forsiktig og sjenert gut med Downs syndrom på fotballbanen. Han fryktar kanskje at dei andre berre skal vere opptekne av det som gjer han annleis, men blomstrar når dei inkluderer han og rosar dei sterke sidene hans i fotball. Det vil vere lettare for guten å gi meir på banen når lagkameratane inkluderer han aktivt. I ein gruppefellesskap der deltakarane prøver å inkludere kvarandre aktivt, og alle kan delta på sin eigen måte, kan vi unngå at kjensla av å vere annleis blir eit hinder frå å delta.

Tenk etter!

  • Kva kunne skjedd om guten på fotballbanen ikkje blei inkludert?

  • Har du nokon gong kjend på å vere annleis i ein fellesskap?

  • Har du opplevd at det har vore vanskeleg å inkludere menneske rundt deg som du veit har behov for å bli inkluderte?

Det berikande mangfaldet

Det kan vere krevjande å vere saman med nokon du opplever som veldig annleis frå deg sjølv, som har heilt andre meiningar, eller som har vanskar med å delta på grunn av til dømes lite norsk språk eller høyrselsvanskar. Verkelegheita er likevel at vi blir omgitte av eit mangfald av menneske, og at du ikkje alltid kan velje kven du skal samhandle med. Døme er kollegaene dine på jobben, eller kven du skal jobbe i gruppe med på eit skuleprosjekt.

Samtidig kan det vere berikande å vere saman med og lytte til menneske med ulike meiningar, erfaringar og ulik bakgrunn. Slik kan vi få auga opp for andre måtar å sjå verda på. Det kan vere ein stimulans for deg sjølv, og du kan òg vere ein stimulans for andre! Å auke mangfaldskompetansen kan gi auka toleranse mellom menneske.

I eit mangfaldig samfunn vil vi også trakke feil av og til. Sjølv om vi ønskjer å vere tolerante for forskjellane mellom oss, vil vi ikkje alltid få det heilt til. Mangfaldskompetanse kan òg handle om rausheit – av og til vil vi tabbe oss ut, seie feil ting eller misforstå kvarandre. Mangfaldskompetanse handlar om å gi kvarandre rom same kva vi har med i bagasjen, men det handlar òg om at vi ikkje er perfekte i møte med forskjellane til kvarandre.

Gammal dame og ung mann ser på kvarandre og smiler inderleg til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mangfaldskompetanse = demokratisk kompetanse

Ved å bruke mangfaldskompetanse i møte med kvarandre kan det føre til at fleire vågar å delta, vere ueinige, bruke ytringsfridommen, lytte til kvarandre og slik vise toleranse for forskjell. Dette handlar i botn og grunn om å følgje demokratiske spelereglar, der kvar person og kvar røyst har ein verdi, og ueinigheit og forskjell er eit akseptert og naturleg utgangspunkt for det som går føre seg. Kanskje vi kan bli betre på å diskutere spelereglar for å unngå at nokon hamnar utanfor fellesskapen?

CC BY-SASkrive av Viviana Martinez.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022

Læringsressursar

Mangfaldskompetanse