Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kulturforståing

Korleis skal vi stille oss til andre kulturar? Skal vi prøve å forstå korleis andre oppfattar seg sjølve og sin eigen kultur, eller skal vi ta utgangspunkt i vår eigen kultur og fordømme det som bryt med tradisjonane og verdiane våre?

Sjå videoen og jobb med oppgåvene under.

Oppgåve 1. Etnosentrisme og kulturrelativisme

Etnosentrisme og kulturrelativisme er to ulike måtar å stille seg til andre kulturar på.

Kva er etnosentrisme og kulturrelativisme?

Dersom ein har ei etnosentrisk haldning til andre kulturar, reknar ein sin eigen kultur som betre enn andre og dømmer andre kulturar med utgangspunkt i sin eigen kultur, utan å prøve å setje seg inn i andre kulturar.

Dersom ein har ei kulturrelativistisk haldning til andre kulturar, vil ein prøve å forstå kvar kultur på sitt eige grunnlag, utan å sjå på nokon kultur som meir eller mindre verd enn nokon annan.

Døme

I eit burettslag er det fleire innvandrarfamiliar som lèt ungane sine leike ute til langt på kveld.

Dersom ein som nordmann har ei etnosentrisk haldning til dette, kan ein tenkje at foreldra ikkje bryr seg om barna sine, eller at dei ikkje tek omsyn til at andre vil ha fred og ro på kvelden.

Dersom ein derimot har ei kulturrelativistisk haldning, kan ein kanskje spørje nokre av foreldra. Då kan ein til dømes finne ut at grunnen til at barna leiker ute så seint, er at det er dette som er vanleg i kulturen deira, sidan det er for varmt å leike ute midt på dagen.

  1. Finn minst to døme på etnosentrisme i filmen. Grunngi svaret.

  2. På kva måtar kan etnosentrisme skape konfliktar?

  3. Finn minst to døme på kulturrelativisme i filmen. Grunngi svaret.

  4. Reflekter over korleis kunnskap om andre kulturar kan gjere det lettare å forstå tradisjonar i andre kulturar. Bruk gjerne konkrete døme.

  5. Kva trekk ved norsk kultur trur du utlendingar kan ha vanskeleg for å forstå?

  6. Diskuter fordelar og ulemper med etnosentrisme og kulturrelativisme. Ta gjerne utgangspunkt i filmen når de diskuterer.

Oppgåve 2. Forstå eller fordømme

Det er ein viktig forskjell mellom å forstå og forklare noko i kultur og det å forsvare eller fordømme det. Du kan til dømes prøve å forstå og forklare barnearbeid utan å forsvare eller fordømme det.

  1. Finn døme på to ulike forklaringar på barnearbeid som kjem fram i filmen.

  2. Frida og Nzigire fordømmer barnearbeid på ulike måtar. Kva er forskjellen mellom dei?

  3. Diskuter om Frida si haldning til barnearbeid er etnosentrisk.

  4. Diskuter kvifor det kan vere viktig å prøve å forstå og forklare barnearbeid sjølv om ein fordømmer det.

CC BY-SASkrive av Eivind Zakariassen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Mangfaldskompetanse