Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å skode hunden på håra

Uttrykket "Du skal ikkje skode hunden på håra" betyr at vi ikkje skal dømme nokon berre ut frå det ytre. I denne oppgåva skal du likevel gjere nettopp det. Kanskje får du nokon overraskingar?

Oppgåve 1. Kven er dette?

  1. Gå saman i par og sjå på bileta under. Kva slags personar trur de dette er? De kan til dømes spekulere i

    • yrke

    • religion

    • fritidsinteresser

  2. Når de har danna dykk eit bilete av kvar av personane, blar de vidare for å sjå "fasiten".

  3. Diskuter:

    • Kva er de mest overraska over?

    • Kvifor er dette overraskande?

Tips: Bruk fullskjermmodus!

Oppgåve 2. Synleg og usynleg mangfald

Mangfaldet blant oss består av synlege eller usynlege forskjellar i ulik grad.

Diskuter!

Sjå på dei korta de har lagt under "synleg". Kor mange av desse kan de vere heilt sikre på berre ved å dømme ut frå det ytre?

CC BY-SASkrive av Viviana Martinez og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2022

Læringsressursar

Mangfaldskompetanse