Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kortfilm: The Present

Del 1

Dette klippet viser byrjinga av kortfilmen The Present. Sjå klippet og diskuter spørsmåla under når filmen stoppar.

Diskuter i klassen:

  • Kva tenkjer de om guten i filmen?

  • Kvifor trur de han reagerer som han gjer?

  • Kva ville de sagt til han viss de var vitne til dette?

Del 2

Sjå resten av filmen og diskuter vidare.

Diskuter i klassen:

  • Kva tenkjer de no om guten i filmen?

  • Kva tenkjer de no om det de ville sagt til han etter det første klippet?

  • Kvifor reagerer han som han gjer i starten, trur de?

  • Kva trur de får guten til å endre meining om hunden?

  • Kva er bodskapen i denne kortfilmen?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021

Læringsressursar

Mangfaldskompetanse