Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med kortfilmen Nattrikken

Sjå kortfilmen Nattrikken og snakk saman om korleis vi bør reagere når vi ser andre bli trakasserte. Filmen Nattrikken blei nominert til Oscar for beste kortfilm.
To personar sit på ein benk. Den eine er kortvaksen og har ein parykk på hovudet. Den andre er sminka og kledd som ei kvinne. Foto.

Før du ser filmen Nattrikken

Studer scenebiletet frå kortfilmen Nattrikken. Kva tankar gjer du deg om dei to personane på biletet?

Sjå filmen Nattrikken

Sjå kortfilmen Nattrikken på Filmbib.

For å sjå filmar på bibliotektenesta Filmbib må du skaffe deg nasjonalt lånekort på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Gruppesamtale om trakassering

Sit saman i grupper på fem elevar.

På førehand lagar de fem lappar der kvar lapp representerer ein av karakterane i kortfilmen Nattrikken. Karakterane er

  1. trikkeførar Ebba

  2. transkvinna Ariel

  3. mann som sjekkar opp Ariel

  4. venn til han som sjekkar opp Ariel

  5. anonym trikkepassasjer

Medlemmene i gruppesamtalen trekker ein lapp kvar før samtalen begynner.

  1. Beskriv etter tur dei kjenslene de trur oppstår hos "dykkar" filmkarakter i samband med det som skjer på nattrikken.

  2. Kvifor trur de nokon har behov for å trakassere menneske dei opplever som "annleis"?

  3. Har de sjølv opplevd eller vore vitne til trakassering på bussen eller trikken? Del erfaringar med dei andre i gruppa.

  4. Korleis takla de denne situasjonen?

  5. Korleis skulle de ønskt at de hadde takla situasjonen?

Relatert innhald

Kortfilmen Nattrikken handlar om fordommar og mobbing, men òg om mot og styrke.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2023

Læringsressursar

Mangfaldskompetanse