Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er mangfald?

Du vil aldri møte to menneske som er heilt like kvarandre. Mangfald handlar om det som skaper forskjellar mellom oss menneske. Samtidig handlar mangfald òg om å møte forskjellane med openheit, respekt og inkludering.
Elevar av ulikt etnisk opphav står rundt eit bord saman med læraren, som viser noko i ei bok. Alle smiler og ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Neste gong du går gjennom kantina på skulen din, kan du tenkje på mangfaldet av menneske du går forbi. Skulen din er ein fellesskap der det er mykje likt mellom elevane som går der. De er stort sett i same aldersgruppe og er der av same grunn. De bur i same område, og sannsynlegvis bruker de like sosiale medium. Det er mykje som knyter dykk saman, på same tid som det fins både små og store forskjellar mellom dykk.

Synleg og usynleg mangfald

Mangfald fortel oss noko om variasjon og forskjellar mellom enkeltmenneske og mellom grupper. Det som kan skape variasjon blant oss, kan vere alder, kjønn, seksuell legning, meiningar, kulturell tilhøyrsel, religiøsitet, lærevanskar, funksjonsnedsetjingar, interesser, sosial bakgrunn, geografisk tilhøyrsel og så vidare. Noko er lett å få auge på, medan andre ting er meir skjulte. Vi kan skilje mellom synleg og usynleg mangfald. Du kan til dømes kjapt sjå kva hudfarge ein i klassen har, men du kan ikkje like lett sjå kva legning den same personen har.

Stereotypiar

Kvar dag møter vi eit mangfald av ulike menneske og grupper i ulike settingar. Endå me ikkje kjenner kvarandre, kan vi tru at vi veit korleis nokon andre er. I møte med andre har vi ein tendens til å kategorisere enkeltmenneske eller grupper som har visse fellestrekk i .

Det er ganske vanleg å oppfatte eigne eller andre sine grupper likare enn dei faktisk er. Men også internt i ei gruppe finn vi store forskjellar. Det er jo ikkje slik at alle som omtaler seg som norske eller syriske, er heilt like. Med utgangspunkt i forenkla oppfatningar av grupper er det mange som opplever å bli sette i bås, noko som kan skape unødige skilje mellom oss menneske.

Portrett av mange forskjellige menneske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å sitje i rullestol, ha eit utanlandsk namn eller ein annan hudfarge enn fleirtalet, kan i somme tilfelle gjere at du ikkje blir sett og anerkjend for heile det mennesket du er. Å setje eit menneske eller ei gruppe i bås kan verke og forsterke skiljet mellom oss og dei. Det er derfor viktig å vere bevisst eigne stereotypiar i møte med andre menneske eller grupper av menneske, slik at stereotypiane ikkje går over til å bli fordommar. I verste fall kan det føre til at nokon kan kjenne seg ekskludert frå ein fellesskap, som til dømes frå klassen eller arbeidsplassen.

Tenk over!

  • Kva er det som får oss til å setje kvarandre i bås?

  • Har du døme på “båsar” menneske kan bli sette i?

  • Kva stereotypiar trur du nokon kan bruke om deg, men som ikkje stemmer overeins med den du er?

Mangfaldige og homogene samfunn

Mangfald og respekt for mangfaldet blant menneska rundt deg er ein viktig verdi i samfunnet vi lever i. Det motsette av mangfald er homogenitet. Eit homogent samfunn vil kjenneteiknast av stor grad av likskap mellom menneska.

Det er lenge sidan det norske samfunnet hadde som mål å skape eit homogent samfunn – slik vi til dømes såg gjennom fornorskinga av urfolket samane. Det norske samfunnet har blitt meir og meir mangfaldig. Vi har mange døme på grupper som har kjempa for å bli anerkjende som medborgarar i det norske samfunnet, slik som kvinner, menneske med nedsette funksjonsevner og homofile.

CC BY-SASkrive av Viviana Martinez.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Mangfaldskompetanse