Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er etnosentrisme og kulturrelativisme?

Dømer du andre ut frå din eigen kulturelle målestokk, eller prøver du å setje deg inn i andres perspektiv for å forstå korleis verda ser ut for dei?
Ein samisk familie på 1930-talet sit i eit telt framfor nokre gryter, iført kufter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etnosentrisme og kulturrelativisme er omgrep som set ord på kor problematisk det kan vere å prøve å forstå andres kultur utan å vere farga av eins eigen kulturelle ståstad.

Etnosentrisme

Ei etnosentrisk haldning til kultur handlar om at du bruker verdiane og levemåtane i din eigen kultur som målestokk og vurderer andre kulturar opp mot dette.

Ordet etnosentrisme er sett saman av det greske ordet ethnos, "folk", og det latinske centrum, "midtpunkt". Det er ei allmenn oppfatning i dei fleste kulturar at eins eigen kultur er den beste, den mest avanserte, den naturlegaste og den riktigaste.

Dette er menneskeleg, sidan det vi kjenner best, vil verke tryggare og meir naturleg enn det ukjende. Vi har òg ein tendens til å generalisere og ikkje sjå alle nyansane når vi ser andres kultur utanfrå. Nemningane mange folkegrupper bruker om si eiga gruppe, betyr rett og slett "menneske" eller "folk". Slik er det til dømes med bantuane sør for ekvator i Afrika og inuittane på Grønland.

Konsekvensar av etnosentrisme

Når vi ikkje klarer å sjå andres veremåte frå deira ståstad, kan ein konsekvens vere at vi misforstår kvarandre, fordi vi tolkar handlingar og utsegner ut frå vår eiga livsverd. Ein meir alvorleg konsekvens er når ei mektigare gruppe feller ein dom over ei anna gruppe, der den mektigare gruppa bruker sin eigen kultur som målestokk for kva som er riktig og naturleg.

Eit døme på dette er frå kolonitida, då europeiske land tok over allereie busette landområde i Asia, Oseania og Afrika. Kolonimaktene meinte sjølv at dei førte sivilisasjonen til koloniane. I deira auge var eit land ubebudd om det ikkje hadde eit samfunn som likna deira eige, slik som då dei britiske kolonistane erklærte Australia for eit terra nullius, altså eit ingenmannsland. Dette var eit klart etnosentrisk perspektiv på kulturen til dei som allereie budde der, og den vestlege kulturen blei sett på som meir avansert og sivilisert.

Tenk over / diskuter

Kva trur du vi kan gjere for å unngå å vere etnosentriske i møte med menneske som har ein annan kulturell bakgrunn?

Uluru-fjellet i solnedgang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturrelativisme

Det motsette av ei etnosentrisk haldning er ei kulturrelativistisk haldning. Dette vil seie at alt er relativt, og at ikkje noko kan seiast å vere meir normalt enn noko anna. Med ei kulturrelativistisk tilnærming finst ikkje nokon standard eller målestokk for å vurdere ein kultur, fordi kvar kultur har sine eigne verdisystem. Alle utsegner, handlingar og fenomen blir tolka ut frå situasjonen dei oppstår i, og ut frå dei kulturelle normene og verdiane som gjeld der.

Konsekvensar av kulturrelativisme

Ei kulturrelativistisk haldning inneber å prøve å forstå kulturelle fenomen ut frå premissane som gjeld i den spesifikke kulturelle konteksten dei finst i. Det handlar med andre ord om å prøve å innta eit innanfrå-perspektiv på ein annan kultur. Det som verkar framandt og gale på deg, kan vere naturleg og rett for nokon med ein annan kulturell bakgrunn. Kulturelle verdiar legg grunnlaget for kva som blir sett på som normalt og ønskeleg, og desse verdiane varierer på tvers av kulturelle kontekstar.

Eit døme: Nordmenn blir ofte skildra som uhøflege av amerikanarar. Ei kulturrelativistisk haldning vil vere å heller prøve å forstå den norske veremåten ut frå ein norsk kulturell kontekst, med dei kulturelle verdiane som er ein del av han. Språkforskar Kristin Rygg beskriv det på denne måten:

Noen vil si at det er veldig uhøflig at vi ikke sier "can you pass me the salt, please". Men det er ikke slik vi blir lært opp. I den norske høfligheten er det viktigere ikke å forstyrre folk, også ved bordet.

(Folkestad, 2017)

Forskjellar på forsking og kvardagshaldningar

Ein forskar som skal undersøke andre kulturar, bør ha kulturrelativisme som metode, for å prøve å forstå kulturen på dens eigne premissar.

Nokre bruker kulturrelativisme som ein negativ karakteristikk i debattar om innvandring og kulturmøte, men det er viktig å skilje mellom metodisk kulturrelativisme, som forskaren bruker som verktøy, og haldningar vi har i kvardagen.

Kulturrelativisme som haldning i kvardagen har ofte fått skulda for at vi godtek krenkingar av dei grunnleggande menneskerettane til enkeltpersonar, fordi vi ser på det som ein kulturell praksis vi ikkje ønsker å døme etter vår eigen kulturelle målestokk. Eit døme på dette er negativ sosial kontroll av kvinner i enkelte grupper. Offera for negativ sosial kontroll har kanskje eit anna syn på denne praksisen enn dei som kontrollerer dei. Derfor er det viktig å sjå slike praksisar òg i eit maktperspektiv.

Tenk over / diskuter

Omskjering av både jente- og gutebarn er ein utbreidd kulturell praksis. Er det etnosentrisk å fordøme denne praksisen?

Ein gyllen middelveg

Om du ser alt berre frå din eigen kulturelle ståstad, altså at du har ei etnosentrisk tilnærming, vil du få problem med å sjå og forstå at andre menneske kan oppfatte verda heilt annleis enn deg. Å leve seg inn i andres situasjon og verdsbilete er nødvendig for å forstå andre kulturar. På den andre sida er ei gjennomført kulturrelativistisk haldning i praksis ikkje berre positivt, viss det gjer at du ikkje tek moralsk stilling til noko av det som skjer rundt deg.

Den gylne middelvegen er å prøve å forstå fråsegnene, handlingane eller fenomena i ein kultur, men samtidig ikkje akseptere det som bryt med sentrale verdiar og normer. Her kan verdserklæringa om menneskerettar vere ein god målestokk, sidan ho er eit sett med grunnleggande normer og verdiar som medlemslanda i FN har samla seg om.

Om vi bruker denne tilnærminga til praksisen med omskjering av barn, betyr det at du kan forklare kvifor nokre kulturar reknar dette som riktig, samtidig som du kan vise til korleis dette bryt med viktige menneskerettar.

Tenk over / diskuter

Enkelte har kritisert menneskerettserklæringa for å vere eit resultat av eit vestleg etnosentrisk syn på verda, der Vesten prøver å tvinge verdiane sine på "dei andre". Kva meiner du om dette?

Kjelder

Dahl, Ø. (2001). Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

Folkestad, S. (2017, 28. februar). – Nei, nordmenn er ikke uhøflige. Forskning.no. https://forskning.no/psykologi-kultur-norges-handelshoyskole/nei-nordmenn-er-ikke-uhoflige/362574

Geertz, Clifford (1973). The Interpretation of Cultures: Selected Essays. Basic Books.

Mende, J. (2019). Are human rights western – And why does it matter? A perspective from international political theory. Journal of International Political Theory. Mars 2019. doi:10.1177/1755088219832992

Terra nullius (2021, 12. februar). I Store norske leksikon. Hentet 21. oktober 2020 fra https://snl.no/terra_nullius

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.02.2022

Læringsressursar

Mangfaldskompetanse