Tema: Mobbing
Nedanfor har vi samla nokre forslag til oppgåver klassen kan jobbe med for å lære meir om mobbing, og korleis de kan skape eit inkluderande klassemiljø. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det passar godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som eignar seg viss de ønsker å jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. De kan godt velje ut éi eller to økter og berre jobbe med dei.
Økt 1: Likes
Alle menneske har eit grunnleggande behov for anerkjenning og bekrefting. Korleis opplevast det å ikkje få anerkjenning frå andre? I denne øvinga skal de utforske korleis det kan opplevast å ikkje få likes av andre.
Økt 2: Kva er mobbing?
Mobbing er eit aukande problem i norsk skule. I denne oppgåva skal de lære meir om kva mobbing er, og kva som er grunnen til at nokon mobbar andre. I første del skal de diskutere samanhengen mellom klassemiljø og mobbing. I andre del skal de sjå ein kort film om mobbing og diskutere ulike årsaker til mobbing.
Tips til gjennomføring av denne økta
Det kan vere lurt at læraren på førehand har lese bakgrunnsartikkelen om mobbing på NDLA.
Økt 3: Mobbing og gruppepress
Kvifor grip ikkje fleire ungdommar inn når dei ser at andre blir mobba sjølv om dei synest det er ubehageleg og ønsker at mobbarane skal stoppe? I denne oppgåva skal de lære om gruppepress og reflektere over kva de kan gjere for å stoppe mobbing.
Tips til gjennomføring av denne økta
Det kan vere lurt at læraren på førehand har lese bakgrunnsartikkelen om mobbing på NDLA.
Økt 4: Kvifor oppstår mobbing?
Det er mange ulike grunnar til at mobbing oppstår. I denne oppgåva skal de sjå ein film om årsakene til mobbing. Deretter skal de anten lese ein artikkel om mobbing og svare på spørsmål eller gjennomføre eit rollespel i klassen.
Tips til gjennomføring av denne økta
Før denne økta må læraren og klassen avgjere om dei ønsker å jobbe med ein artikkel og oppgåver eller gjennomføre eit rollespel. Same kva de vel, kan de starte med å sjå filmen Kvifor oppstår mobbing? frå Redd Barna.
Viss klassen vel å jobbe med ein artikkel og oppgåver, gjer de oppgåve 1: "Kvifor oppstår mobbing?" og oppgåve 3: "Eit inkluderande klassemiljø".
Viss klassen vel å jobbe med eit rollespel, gjer de oppgåve 2: "Rollespel om mobbing". De bør setje av minst éin skuletime til gjennomføringa av rollespelet.
Økt 5: Samhald
Det er mange måtar å skape eit inkluderande klasse- og skulemiljø på. Klassen kan organisere ein film- eller spelkveld eller organisere eit felles kurs eller ein verkstad. I denne oppgåva skal klassen gjennomføre eit felles prosjekt for å skape auka samhald.