Oppgåve
Klart språk i politikken
Er språket i politiske diskusjonar og dokument så vanskelege at 16-åringar ikkje kan delta i demokratiet, sjølv om dei får stemmerett?
Eit argument som har blitt brukt mot at 16-åringar skal få stemmerett, er at dei ikkje har nok kunnskap om politikk, og at dei ikkje er engasjerte nok til å søkje kunnskap om dette. Men er det berre ungdom sin feil at det er slik? I videoen under prøver både barn og politikarar å forstå nokre av orda som blir brukte i lokaldemokratiet.
Noter ned orda som blir nemnde i filmen.
KS på Youtube: Klart språk - Forstår folk hva du sier?
- Gå saman i grupper på tre og prøv å finne ut kva orda betyr.
Kva kunne de ha sagt i staden, for å gjere innhaldet tydelegare? Vel ut to uttrykk. Lag forslag til andre ord og formuleringar som er klårare.
- Del forslaga i klassen.
- Kvifor trur de slike ord og uttrykk blir brukte i politikken?
- Kva tykkjer de om påstanden "Klart språk i politiske dokument og diskusjonar er ikkje nok til å få ungdom til å interessere seg for politikk?"
- Kva for andre grupper i samfunnet kan ha vanskar med å delta i demokratiet på grunn av uklårt språk?
Relatert innhald
Fagstoff
BullshitKva er bullshit? Er vi ikkje opptekne av sanning lenger? Denne artikkelen tek føre seg filosofiske perspektiv på fenomenet bullshit.