Hopp til innhald
Øving

Snapchat: Bør 16-åringar ha røysterett?

Bør alderen for røysterett bli senka frå 18 til 16 år? Det er delte meiningar om spørsmålet. I denne oppgåva skal du presentere ulike argument og synspunkt på Snapchat.

Snapchat er ein mobilapplikasjon for deling av foto, video og tekst. Fleire norske medieaktørar legg ut innhald på Snapchat til følgjarane sine. På Snapchat Discover produserer mediehus eige innhald for Snapchat-formatet. VG var det første mediet i Norden som vart representert på Discover.

Oppgåve 1 – Undersøk

Gå inn på Snapchat. Klikk deg inn på dagens VG-utgåve på Snapchat Discover. I appen sveiper du heilt til høgre, og du finn VG blant dei andre utgåvene på Discover.

  • Kva for saker blir presenterte på Snap-utgåva til VG?
  • Kva er bodskapen i sakene?
  • Kva for visuelle element (bilete, video, tekst, farge, form) og lydkjelder er brukte?
  • Kven er målgruppa for desse sakene, troer du?

Oppgåve 2 – Tema: "Bør 16-åringar ha røysterett?"

Presenter ulike argument og synspunkt på Snapchat, tema er røysterett for 16-åringar. Bruk Snap-utgåva til VG som inspirasjon, og lag ulike snappar.

  • Gjer grundig research, snakk med personar som har ulike meiningar om saka. Lag korte snappar der dei ulike synspunkta kjem fram.
  • Presenter synspunkta ved hjelp av ulike visuelle element, som bilete, video, tekst og farge, og lydkjelder.
  • Jobb grundig med tekstane, dei skal vere korte og konsise.
  • Du skal lagre snappane på telefonen din. Til slutt presenterer du snappane for resten av klassen.

Denne oppgåva kan du jobbe med på tvers av ulike fag. Aktuelle fag er norsk, samfunnsfag og mediefag.