Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag enkét: Røysterett for 16-åringar

Som 16-åring kan du få barn og du må betale skatt viss du jobbar. Du er også gammal nok til å bli straffeforfølgd. Men du har ikkje rett til å røyste ved val i Noreg. Er dette greitt, eller bør 16-åringar få røysterett? Lag ein enkét der du tek føre deg spørsmålet.
Ung person lukker auga, teksten "valg" er plassert i panna til personen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein enkét? Ein enkét er eit intervju der same spørsmål blir stilt fleire personar. Denne forma for intervju blir brukt både i aviser, radio og TV. Ofte er føremålet å formidle kva vanlege folk meiner om eit bestemt spørsmål.

Bør røysterettsalderen bli senka frå 18 til 16 år? Kva meiner elevane ved skulen din om dette spørsmålet? Du jobbar som journalist i skuleavisa, og du har fått i oppdrag å lage ein video-enkét der du tek føre deg temaet “røysterett for 16-åringar”.

Enkéten skal bestå at to opne spørsmål og du skal intervjue fire ulike elevar på skulen. Du skal altså stille dei same to spørsmåla til alle dei fire intervjuobjekta dine. Du skal filme enkéten med mobiltelefon eller videokamera.

  1. Start med å gjere research på temaet røysterett for 16-åringar.
  2. Les artikkelen om den journalistiske arbeidsprosessen. Her får du tips til korleis du kan lage opne spørsmål og førebu intervju.
  3. Formuler to opne spørsmål du skal stille intervjuobjekta dine.
  4. Finn relevante og gode intervjuobjekt på skulen, og start intervjua. Det er bra om du klarer å finne intervjuobjekt som gir deg varierte svar.
  5. Du kan filme intervjua med mobiltelefon eller videokamera, bruk mikrofon om du har tilgang på det. Vær bevisst på lyd- og lystilhøve.
  6. Til slutt redigerer du saka og gjer ho klar for publisering. Du kan bruke redigeringsprogrammet på smarttelefonen din til redigering, eller du kan bruke andre videoredigeringsprogram.

Dette praktiske arbeidsoppdraget kan du jobbe med på tvers av ulike fag. Aktuelle fag er norsk, samfunnsfag og mediefag.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2019

Læringsressursar

Bør 16-åringar ha røysterett?