Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Video: Bør 16-åringar ha røysterett?

Kva meiner folk på gata og politikarar om røysterett for 16-åringar? Kva seier ekspertane?

Diskuter

  • Er det nokre av argumenta i videoen som du tykkjer er spesielt gode? Kvifor?
  • Er det nokre av argumenta i videoen som du tykkjer er spesielt dårlege? Kvifor?

Undersøk

Ungdomspolitikarane i videoen har ulikt standpunkt. AUF (Arbeiderpartiet) og Sosialistisk Ungdom (SV) er for, mens Senterungdommen (Senterpartiet) og Unge Høyre (Høyre) er mot. Kvifor er det slik? Jobb med punkta under for å finne svaret.

Vel eitt av partia som du vil undersøkje nærare.

  • Kva er dei viktigaste argumenta for partiet i saka?
  • Kva er partiet sine grunnleggjande verdiar, ideologi og hjartesaker?
  • Kan du sjå nokon samanheng mellom verdiane, ideologien og hjartesakene og det standpunktet partiet har i denne saka?
  • Samanlikn oppslutninga til partiet ved førre val med resultatet i skulevalet. Kan partiet ha noka interesse av å meine at 16-åringar bør / ikkje bør røyste?
  • Del det du har funne, med klassen.
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2020

Læringsressursar

Bør 16-åringar ha røysterett?