Påverk dei som bestemmer
Det hjelper lite å sitte heime eller på bussen og klage på ungdomstilbodet der du bur. Det som derimot hjelper, er å gjere noko aktivt med saka og rette problemet mot dei som kan gjere noko med det. For å få oppmerksemda til dei som sit med makta, må du prøve å påverke, og for å gjere dette må du ha argument og ein plan for å formidle desse.
I denne oppgåva skal du jobbe i ei gruppe og de skal finne ei sak som er viktig for dykk i kvardagen dykkar. Vidare skal de finne ut kven som bestemmer, finne argument og lage ein plan for korleis de kan påverke slik at de kan få til eit viktig tilbod eller forbetre noko som allereie finst.
FASE 1: Kva er viktig for deg?
Tid: 20 minutt
Materiell: Post-it-lappar og skrivesaker
Arbeidsform: Jobb i grupper på tre
- Skriv ned det som betyr noko for dykk i kvardagen dykkar, og kva de treng av tilbod, på post-it-lappar. Eitt moment per lapp.
- Heng opp post-it-lappane på veggen i klasserommet.
- Sorter lappane i kategoriar etter kven som bestemmer over dette.
FASE 2: Velg ei sak, finn argument
Tid: 40 minutt
I dei same gruppene: Vel ei sak de vil forbetre eller få til, frå ein av lappane på veggen. Skriv ein tekst der de svarer på følgjande:
- Kva ønskjer de å oppnå?
- Kven bestemmer over dette?
- Kvifor er dette viktig, og kven er det viktig for?
- Lag argument for saka. Utforsk kva som har vorte nytta som argument i tilsvarande saker tidlegare. Ta i bruk fleire av dei retoriske appellformene, eller finn inspirasjon blant dei mange argumentasjonsgrepa.
- Kva kan de gjere for å bli høyrt? Det finst ei rekkje kanalar for politisk innverknad. Tenk på korleis de vil gå fram.
FASE 3: Planlegg påverknad, lag materiell
Jobb med eitt eller fleire av desse punkta.
- Lag ein plan for korleis de over eit tidsrom på to–tre månader kan gå fram for å skape oppmerksemd om saka. Bli sett og høyrt av både dei som bestemmer, og andre i samfunnet rundt dykk. Grunngi vala de tek.
- Skriv eit lesarinnlegg. Vel ut minst ei avis på papir eller nett der de ønskjer å få dette på trykk.
- Lag ein plakat eller ein kort videosnutt som kan bli delt på sosiale medium, med bodskapen de ønskjer å få fram. Kva kan de gjere slik at andre ønskjer å dele dette?
- Vurder andre måtar å skape engasjement rundt saka på, som underskriftskampanjar, aksjonar eller støttemarkeringar.
FASE 4: Presentasjon og refleksjon
Planlegg ein presentasjon i klassen. Dei to første minutta skal de selje inn saka dykkar. Bruk materiell og argument de har laga i dette prosjektet. Tenk at klassen er politikarane som bestemmer over dette, og gjer det de kan, for å overtyde dei.
Presenter temaet, sei kven som bestemmer over dette, og kvifor det er viktig. Vis fram det de har arbeidd med i dette prosjektet. Grunngi vala dykkar.
Reflekter åleine etter presentasjonane:
Kva har du lært denne perioden?
Kva for ein av presentasjonane i klassen utmerkte seg, og kvifor?
Kva for tre ting vil du gjere viss du skal prøve å påverke nokon i framtida?