Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Bør 16-åringar ha røysterett?

Blir eit samfunn nødvendigvis meir demokratisk viss fleire får røysterett? I løpet 1900-talet gjekk røysterettsalderen ned frå 25 til 18. Kvifor ikkje senke han endå meir?
Ein blå og ein raud arm puttar røystesetel i valurne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I den tverrfaglege læringsstien "Bør 16-åringar få røysterett?" skal de setje dykk inn i eit prøveprosjekt med røysterett for 16-åringar. Ved kommunevala i enkelte utvalde kommunar i 2011 og 2015 vart det gjort forsøk med å gi røysterett til 16-åringar. Kvifor ville ein teste ut dette? Korleis gjekk prosjektet? Kvifor vart ikkje røysterett for 16-åringar innført?

I læringsstien skal klassen først ta stilling til ulike påstandar, deretter blir du kjent med argument for og mot senking av røysterettsalderen. Du skal også vurdere dei ulike argumenta og ta stilling til kva argument du meiner er best.

Når du har gjennomført læringsstien, kan du velje å fordjupe deg vidare i temaet i ulike fag og i tverrfaglege oppgåver.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2019