Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv meininga di om 16-åringar og røysterett

Kan du få fleire til å innsjå at røysterett for 16-åringar ikkje er ein god idé? Eller kan innlegget ditt i debatten vere det som overtyder politikarane om at 16-åringane sine røyster også må sleppe til i val? Skriv eit debattinnlegg der du argumenterer for standpunktet ditt.
Alvorleg kvinne legg setel i stemmeurne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Du skal skrive eit debattinnlegg for eller imot røysterett for 16-åringar. For å kunne skrive ein god tekst er det viktig å bruke tid på å få fram så mange argument og så mykje kunnskap om temaet som mogleg. Følg desse fire stega:

Del 1A

Byrj med tre minutt tenkjeskriving, der du skriv alt du kan kome på om temaet 16-åringar og røysterett. Tenkjeskriving skal helst gjerast på papir, men om du har grunnar til å bruke PC, går det også greitt.

  • Skriv ned alle tankar som kjem undervegs.
  • Det er ikkje lov å gå tilbake og rette på noko eller lese noko du skriv undervegs.
  • Blyanten må vere i bevegelse i dei tre minutta.
  • Veit du ikkje kva du skal skrive, skriv du tilfeldige ord heilt til andre tankar om temaet melder seg.

Del 1B

Etter at dei tre minutta har gått, kan du dele det du har skrive med den du sit saman med.

Del 2

Kva meiner andre? Spør andre menneske i forskjellige aldersgrupper kva dei meiner om saka.

  • Send ei melding til ein du ser opp til, og spør om meininga deira.
  • Diskuter saka rundt middagsbordet heime.
  • Søk etter emnet på sosiale medium som du bruker, og sjå kva folk har sagt om saka der.

Del 3

Sett saka på spissen, då får du kanskje auge på noko nytt? Diskuter desse problemstillingane i klassen:

  • Kva hadde skjedd om 6-åringar hadde fått røysterett?
  • Kva hadde vore konsekvensane av å fjerne aldersgrenser for røysterett, men at alle i staden måtte bestå ein kunnskapstest for å få lov til å røyste?
  • Korleis ville partifordelinga på Stortinget sett ut i dag, om lova påla deg å røyste, slik det er til dømes i Australia?

Del 4

  1. Skriv eit debattinnlegg der du tek standpunkt i saka.
  2. Planlegg innlegget ditt. Les gjerne denne fagartikkelen om korleis byggje opp teksten først: Enkel grunnoppskrift på debattinnlegg.
  3. Byrj med hovuddelen. Skriv ned ei liste over argument som støttar standpunktet ditt.
  4. Skriv eitt avsnitt for kvart argument. Bruk argument og idéar som du har samla, til å grunngi og forklare argumentet i avsnittet.
  5. Skriv ei innleiing og ei avslutning til teksten. Sjekk grunnoppskrifta for korleis du skal gjere det.
  6. I par: Les kvarandre si innleiing og avslutning og gi tilbakemeldingar.
  7. Skriv ferdig teksten din etter at du har fått tilbakemeldingar.
  8. Hugs å føre kjelder!

Skrivetips!

Dersom du jobbar i Word, er det smart å markere kvart ord i lista over argumenta dine som "Overskrift 2" i menyen øvst.

Så går du til "Visning" øvst på menyen og vel "Navigasjonsrute". Då vil du få ei liste over argumenta til venstre for teksten.

Dette gir deg god oversikt når du byrjar å skrive, og du kan lett bevege deg mellom punkta.

Vurdering

Du har skrive eit debattinnlegg med høg måloppnåing når teksten

  • overtyder mottakaren ved hjelp av relevante og haldbare argument
  • bruker språk og verkemiddel som understrekar argumenta
  • har ei innleiing som presenterer saka og viser ditt standpunkt
  • er delt inn i avsnitt, med eitt avsnitt for kvart argument
  • har ei avslutning som samanfattar og konkluderer

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2019

Læringsressursar

Bør 16-åringar ha røysterett?