Hopp til innhald

Fagstoff

Kanselleringskultur

Det amerikanske omgrepet cancel culture blir ofte omsett med "kanselleringskultur" eller "boikottkultur". Dette er ei form for boikott av personar som har ei meining ein ikkje liker. Kan dette true ytringsfridommen?
Ein mann og skuggen hans er omringa av raude stempel med teksten "cancelled". Illustrasjon.

Kva er kanselleringskultur?

Cancel culture er eit omgrep vi har importert frå USA. Omgrepet omhandlar eit amerikansk fenomen vi ikkje har ei god norsk omsetjing på, men ofte blir kanselleringskultur, boikottkultur eller utestengingskultur brukt på norsk. I denne artikkelen blir omgrepet kanselleringskultur brukt.

Kanselleringskultur betyr at ein person blir utstøytt frå sosiale eller profesjonelle kretsar, ofte på grunn av kontroversiell åtferd. Fenomenet oppstod i USA der kjendisar, influensarar eller kjende personar har blitt utestengde på grunn av noko dei har gjort eller uttalt som andre har synst var problematisk.

Ein polarisert debatt?

Kanselleringskultur har ført til at personar som har ytra seg eller handla upassande, blir haldne ansvarlege for handlingane sine. Harry Potter-forfattaren J.K Rowling har til dømes blitt upopulær i transmiljø etter gjentakande kontroversielle twittermeldingar. Gjennom sosiale medium har følgjarar og fans makt til å slå ned på, og rette opp, ukultur hos offentlege personar.

I USA har kanselleringskultur ført til ei av debatten der ytterpunkta dominerer. Høgresida har skylda venstresida for å vere politisk korrekt. Uttrykket politisk korrekt blir hovudsakleg brukt i nedsetjande betydning om å sensurere ytringar som kan opplevast som støytande. I Noreg blir uttrykket òg brukt nedsetjande om personar som fremjar lite kontroversielle synspunkt, eller som ukritisk vidareformidlar offentleg godkjende tale- og tenkjemåtar.

Høgresida i USA meiner altså at kanselleringskulturen i stor grad er moraliserande, og at han fungerer som ei heksejakt på alt og alle som ikkje blir rekna som politisk korrekt(e). Dette har mellom anna ført til debatt om fjerning av omstridde bøker i amerikanske skular eller statuar med ei problematisk historie. Statuar av Christopher Columbus har til dømes vore omstridde, fordi dei har blitt eit symbol på tida som innleia kolonisering og slaveri i USA.

Tenk etter

Kjenner du til døme på noko eller nokon som har blitt kansellert(e) dei siste åra?

Trussel mot ytringsfridommen?

Kritikarane av kanselleringskultur vil påstå at ytringsfridommen blir skadelidande ved at personar blir utestengde frå det offentlege rommet. I eit demokratisk samfunn skal det vere mogleg å ytre seg kontroversielt, skape debatt og møte motargument utan å bli utestengd.

Det er ikkje berre offentlege personar som kjenner på ei frykt for å bli utestengde. Ungdom i Noreg, som har vakse opp med sosiale medium, kan oppleve det som vanskeleg å uttale seg om enkelte ting på grunn av frykt for å bli kansellerte eller å bli utsette for netthets. For enkelte kan dette føre til ytringsfrykt.

Ei anna bekymring til ungdom kan vere å bli skylda for å vere woke. Omgrepet var opphavleg eit uttrykk for at ein er klar over urettferd i verda, som til dømes diskriminering, rasisme eller sosial urettferd. I dag blir omgrepet i aukande grad brukt nedsetjande mot menneske som blir skylda for å vere overdrive sårbare og politisk korrekte.

Tenk etter

Er du einig i påstanden om at ungdom kjenner på ei frykt for bli stempla som woke?

Vil du vite meir?

Du kan høyre meir om kanselleringskultur i podkasten Verdibørsen på NRK.

Du kan høyre meir om woke-rørsla, kanselleringskultur og identitetspolitikken si rolle i USA og Skandinavia i podkasten Popkorn og politikk på NRK .

Relatert innhald

Kjelder

Popkorn og politikk (2022, 14. januar) Woke! Med Charlotte Bergløff. [Audio podkast]. NRK. Henta frå https://radio.nrk.no/podkast/popkorn_og_politikk/l_1efc9752-2714-4aca-bc97-522714caca73

Thoresen, D. E. (2021, 10. november) Politisk korrekt. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/politisk_korrekt

Verdibørsen. (2021, 12. oktober). Cancel culture. [Audio podkast]. NRK. Henta frå https://radio.nrk.no/podkast/verdiboersen/sesong/202110/l_58388ab0-1248-4c14-b88a-b012483c1466

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Ytringsfridom under press