Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ytringsfridom over alt?

Skriv eit essay der du viser kunnskap om og reflekterer over temaet ytringsfridom. Du kan bruke tittelen vår eller lage din eigen.
Tre ansikt skjult av hetter i høvesvis blått, raudt og turkis. Hettene dekkjer heile ansiktet unntatt augo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi seier gjerne at essayet er ei vandring eller reise i eit tema. For å få til dette er det viktig at du har kunnskap om og klarer å reflektere over det du skal skrive om. Følg stega under, så får du hjelp til å skrive eit variert og interessant essay.

Del 1: Forarbeid

Viss du ikkje allereie har gjort det, les desse artiklane frå NDLA om ytringsfridom først:

Ytringsfridom

Ytringsfridom under press

Diskuter så i grupper

Her er det lurt å notere ned argumenta undervegs:

  • Kva moglegheiter har ungdom og unge vaksne til å påverke offentlege debattar?

  • I kva grad bruker du ytringsfridommen din? Forklar kva som påverkar dette.

  • Mange bruker ytringsfridommen sin i kommentarfelt og på sosiale medium. Kvar går grensa mellom ytringar og "trolling"?

  • Korleis trur de det er å leve i eit samfunn der det ikkje er lov å seie meininga si?

  • Bør det vere grenser for ytringsfridom i eit demokrati, eller bør alle få lov til å seie kva dei vil?

Del 2: Idéarbeid

Bruk verktøya under til å utvikle idéar og planleggje momenta du vil ha med i essayet ditt.

  • Når du er ferdig med å skrive inn i boksane, eksporter det du har skrive til eit tekstbehandlingsprogram, og så lagrar du teksten på din eigen pc.

Ta med deg det du har lese og det de diskuterte i grupper når du fyller inn:

Trinn 1. Idéane

Trinn 2: Utvide

Når du har jobba deg gjennom idéfasane, ser du antakeleg kva vinkling på temaet du vil ha i teksten din. Formuler ein mellombels tittel no før du går vidare.

Trinn 3: Strukturere

Trinn 4: Lage flyt

Når du har komme til dette steget, har du allereie ein nesten ferdig tekst. No skal du finpusse strukturen og sørgje for god flyt i teksten din, slik at det faktisk blir ei vandring for lesaren. I presentasjonen under får du forslag til ulike tekstbindarar. Pass spesielt på å lage gode overgangar mellom avsnitta.

Trinn 5: Finpusse

Ta ein siste titt på formuleringar og rettskriving. Be gjerne nokon om å lese gjennom for deg, for det kan vere vanskeleg å oppdage at du sjølv er upresis. Ein annan lesar vil gjerne påpeike om delar av teksten ikkje kommuniserer så godt.

Heilt til slutt sjekkar du om arbeidstittelen på essayet framleis passar. Kanskje skal det vere eit spørsmål eller eit snedig ordspel? Du vel sjølv, men tenk på at tittelen både skal gi lesaren eit hint om kva som er temaet og skape interesse.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom under press