I kva land står ytringsfridom og pressefridom svakast? - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

I kva land står ytringsfridom og pressefridom svakast?

I denne oppgåva skal de utforske i kva grad ytringsfridom og pressefridom er under press ulike stader i verda. Er dette noko som berre gjeld i autoritære statar, eller gjeld det også i vår del av verda?

Reportere uten grenser

Reportere uten grenser (RSF) er ein internasjonal uavhengig journalistorganisasjon som arbeider for ytringsfridom og pressefridom. Kvart år publiserer dei ei oversikt som viser kor mykje eller kor lite pressefridom det er i alle land.

Landa blir rangerte etter følgande fargekodar: grøn (bra), gul (ganske bra), oransje (problematisk), raud (dårleg) og mørkeraud (veldig dårleg).

Reportere uten grenser si oversikt over kor mykje eller lite pressefridom det er i landa i verda.

Oppgåve

Gå saman i små grupper på to eller tre.

De skal velje eit land som har fargen raud eller mørkeraud, og lage ein presentasjon basert på informasjonen de finn om dette landet. Nedanfor er det nokre spørsmål som kan hjelpe dykk i gang:

  1. Kvifor valde de nettopp dette landet?

  2. Kva fargekode og rangering har landet dykkar? Forklar kvifor!

  3. Har forholda for ytringsfridom og pressefridom blitt betre eller verre dei siste åra? Kvifor?

  4. Korleis trur de det er å jobbe som journalist i dette landet?

  5. Korleis er eigentleg forholda for ytringsfridom i Noreg? Finst det avgrensingar? Kva forskjellar og eventuelle likskapar finn de mellom Noreg og landet de har valt?

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021